Lokal krigshistorie i eit nytt perspektiv

«Fjordane Politikammer – og motstandskampen 1940-45» er ei ny bok som kom på bokmarknaden no i oktober. Boka er ei svært detaljert forteljing om motstandskampen under krigen, på kysten av Sogn og Fjordane og innover i Nordfjord og Sunnfjord - i det som var Fjordane Politidistrikt fram til 1. januar 2016.

Forfattaren, Tore Gundersen, opphavleg frå Askvoll, har vore polititenestemann ved Fjordane Politikammer frå 1968 til 2003. Han er no pensjonist og bur i Florø. I forordet til boka går det fram at det er særleg dei ti siste åra han har jobba med boka. Resultatet på dei 109 sidene i boka, fortel også om eit grundig arbeid med kjeldemateriale frå lokalaviser og bøker, og ikkje minst frå intervju med eldre personar som sjølve opplevde krigen her lokalt – fleire av dei i nær familie til nokre av dei som stod heilt sentralt i motstandskampen. Dei første åra av si lange tenestetid ved politikammeret var Tore Gundersen også kollega til fleire av dei som gjorde teneste ved politikammeret i deler av krigsåra.

Med bakgrunn i denne relativt nære kjennskapen til stoffet har forfattaren gjort ei balansert framstilling av dei dramatiske hendingane som utspann seg i dette distriktet under krigen. Det er tydeleg å sjå at der han ikkje kan byggje på heilt sikre opplysningar, blir det også teke atterhald. Difor er boka blitt ei sannferdig og svært autentisk framstilling av krigshistoria her lokalt – eit viktig lokalhistorisk dokument for ettertida.

Boka tek m.a. utgangspunkt i Fjordane Politikammer si rolle gjennom krigsåra - ei rolle som utan tvil sparde mange liv mellom dei som kjempa for eit fritt land. Offisielt skulle politikammeret vere ein forlenga arm av det nazistiske maktapparatet. Dette vart svært tydeleggjort då ein ny politimeister med partiboka i orden, vart henta frå Oslo på etterjulsvinteren 1944. Ei litt anna side ved dette var at denne politimeisteren nok ikkje stod heilt til forventningane sett frå nazistyret si side.

Boka fortel om fleire tenestemenn ved politikammeret som samarbeidde med motstandsrørsla, og dagleg balanserte mellom å utføre ordrar frå okkupasjonsmakta og samstundes prøvde å hjelpe dei som var kome i faresona, og kunne bli arresterte. I august 1943 gjennomførte tyskarane den såkalla «Aktion Polarkreis» i Norge. Under aksjonen lokalt vart konstituert politimeister og tre polititenestemenn arresterte og  sette i tysk fangenskap i konsentrasjonsleiren Stutthof i Polen. Mot slutten av krigen vart administrasjonssjefen ved kammeret avslørt, men han greidde å rømme.

Sjølv om boka ikkje fangar opp alle enkelthistorier frå motstandskampen under krigen, så gjev den samla sett den mest omfattande oversikta hittil, over operasjonane og dei dramatiske hendingane i det som var Fjordane Politidistrikt sitt område. Det gjeld både Nordsjøtrafikken, våpentransportane, radioagentane og heimefronten. Boka fortel også om dagleglivet til vanlege folk i krigskvardagen, og om dei hemmelege hjelparane som risikerte eigne liv og fridom for å hjelpe dei som låg i dekning, eller måtte rømme frå landet.

Alle som interesserer seg for lokalhistorie, og særleg lokal krigshistorie, må lese denne boka. - Her er mykje originalt stoff ein ikkje finn andre stader.