– Vi opnar for førehandsstemming på servicetorget her på rådhuset i Måløy og på servicetorget på kulturhuset i Florø torsdag morgon, seier stabsleiar for informasjon og service i Kinn kommune, Linda Myhre Larsen, til Fjordenes Tidende.

Det er ikkje berre Kinn kommune som opnar for førehandsrøysting til kommune- og fylkestingsvalet torsdag. Det same skjer i Stad og Bremanger, og nesten alle kommunar i landet.

– Det blir mogleg å stemme på førehand kvar vekedag frå torsdag 10. august heilt fram til og med fredag 8. september. Men på sjølve valdagen, måndag 11. september, må dei som vil stemme møte opp i det vallokalet som er opplyst på valkortet som skal vere sendt ut til alle stemmeføre i Norge, held Myhre Larsen fram.

Ta med godkjend offentleg legitimasjon

Dei som har bustadadresse i ein annan kommune kan òg stemmepå førehand i kommunen som dei oppheld seg i.

– Desse stemmesetlane må vi sende til vedkommande sin heimkommune, seier Myhre Larsen.

– Er det noko folk må ha med seg når dei skal stemme?

– Folk må ha med seg godkjend legitimasjon. Det kan vere eit bankkort med bilde, pass, førarkort, eller eit nasjonalt ID-kort. Og så kan folk jo ha med valkortet, som skal vere tilsendt, men det trengst ikkje for å stemme.

Legg til rette for stemming også andre stader

I tillegg til på rådhuset i Måløy og på kulturhuset i Florø, kjem Kinn kommune til å arrangere moglegheiter for førehandsstemming på ulike institusjonar, kjøpesenter og andre stader i tida fram til valdagen, også på enkelte helgedagar.

– Valmedarbeidarar frå kommunen tar med seg eit stemmeavlukke, stemmesetlar og ei valurne rundt omkring for å gjere det enkelt å stemme på førehand desse stadane. Vi kjem til å annonsere dette i god tid, seier Myhre Larsen.

Leiar i valstyret i Stad, Siri Sandvik, stadfestar til Fjordenes Tidende onsdag at både rådhuset på Nordfjordeid og innbyggartorget i Selje begge er rigga for førehandsstemming i Stad kommune frå og med torsdag.

– Her vil det òg komme nokre eigne løysingar for stemming på enkelte institusjonar, seier Sandvik.

Valsekretær Hilde Jenssen Midtbø i Bremanger fortel at Bremanger kommune som vanleg har sett opp eit stemmeavlukke på rådhuset i Svelgen, men at det også her blir organisert ei ambulerande løysing som gjer det enkelt å stemme på førehand i dei ulike bygdene.

– Vi kjem mellom anna til Kalvåg, Bremanger og Hauge, samt til fleire institusjonar, seier Jenssen Midtbø til Fjordenes Tidende.