Fire bokstavar

1. Donald Trump sitt slagord blir ofte forkorta til MAGA. Kva står bokstavane for?

2. Kvar startar Birkebeinerrennet?

3. Kva tysk matvarekjede hadde butikkar i Noreg frå 2004 til 2008?

4. Kva to land i Afrika har namn på fire bokstavar?

5. Kva står bokstavane NTNU for i namnet på ein utdanningsinstitusjon?

Svar: 1. Make America Great Again 2. Rena 3. Lidl 4. Mali og Togo 5. Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Brad Pitt

1. Kven var Brad Pitt gift med frå 2014 til 2019?

2. Kva sport handlar filmen Moneyball, der Pitt har hovudrolla, om?

3. I filmen Seven spelar Pitt den eine hovudrolla som drapsetterforskar. Kven spelar den andre drapsetterforskaren?

4. I 2020 fekk han Oscar for beste birolle i ein film der han spelar i lag med Leonardo di Caprio. Kva heiter denne filmen?

5. Kva heiter rollefiguren han spelar som blir yngre og yngre etter som livet går? Filmen er frå 2008 og har rollefiguren sitt namn i tittelen.

Svar: 1. Angelina Jolie 2. Baseball 3. Morgan Freeman 4. Once Upon a Time in Hollywood 5. Benjamin Button

America

1. Kva soulartist er kjend for songen «Living in America»?

2. Kva selskap som er blant verdas 25 største starta som eit postselskap i 1850, men er i dag mest kjent for betalingskorttenester?

3. Kva heiter Bret Easton Ellis sin kontroversielle og valdelege roman om den psykotiske massemordaren Patrick Bateman?

4. Kva song kom ut i originalversjon med Don McLean og i coverversjon med Madonna?

5. I kva idrett er America’s Cup den mest prestisjefylte konkurransen?

Svar: 1. James Brown 2. American Express 3. American Psycho 4. American Pie 5. Segling

Geografi i titlar

1. Kva animasjonsfilm frå 2005 har namn etter ei stor øy?

2. Kva musikkgruppe var «Big in Japan»?

3. Kva land i Mellom-Amerika er det ein liten tiger og ein liten bjørn prøver å finne vegen til i ei barnebok av forfattaren Janosch?

4. Kva drabantby til Skien har gitt namn til ein TV-serie skapt av Jonis Josef?

5. I kva TV-serie kan vi møte løytnantane Matthew Casey og Kelly Severidge i brannkorpset i ein storby i USA?

Svar: 1. Madagascar 2. Alphaville 3. Panama (boka heiter Til Panama, til Panama) 4. Gulset 5. Chicago Fire

Hundreår

1. I kva hundreår starta den protestantiske reformasjonen?

2. I kva hundreår starta den industrielle revolusjonen i Storbritannia?

3. I kva hundreår døydde Jeanne d’Arc?

4. I kva hundreår vart Isaac Newton fødd?

5. I kva hundreår angreip vikingar klosteret Lindisfarne, noko mange meiner var starten på vikingtida?

Svar: 1. 1500-talet/det 16. hundreåret 2. 1700-talet/det 18. hundreåret 3. 1400-talet/det 15. hundreåret 4. 1600-talet/det 17. hundreåret 5. 700-talet/det 8. hundreåret

Kvinnelege leiarar

1. Kva komité er Berit Reiss-Andersen leiar for?

2. Kva er Peggy Hessen Følsvik leiar for?

3. Kva heiter leiaren for det franske nasjonalistiske partiet Rassemblement National?

4. Kven er leiar for den konservative tankesmia Civita?

5. I kva fotballklubb var Vibeke Johannesen dagleg leiar frå 2014 til 2021?

Svar: 1. Nobelkomitéen 2. Landsorganisasjonen (LO) 3. Marine Le Pen 4. Kristin Clemet 5. Brann

Sjøfararar

1. Kva portugisar fann sjøvegen til India i 1498?

2. Kva år nådde Columbus fram til Amerika?

3. Kva land kom Henrik Sjøfararen frå?

4. Kven skreiv romanserien En sjøens helt?

5. Kva er førenamnet til den store sjøfararen frå Hålogaland som på slutten av 800-talet blant anna gjorde ei reise til kong Alfred i det som i dag er England?

Svar: 1. Vasco da Gama 2. 1492. 3. Portugal 4. Jon Michelet 5. Ottar

Ikkje heilt i form

1. Kva får ein problem med viss ein er smitta av noro-virus?

2. Ein kan få skjørbuk viss ein får for lite av kva vitamin?

3. Kva for eit land har flest corona-dødsfall?

4. Kva er artrose?

5. Kva er meningitt?

Svar: 1. Mage-/tarmfunksjon 2. Vitamin C 3. USA 4. Gikt (slitasjegikt/leddgikt) 5. Hjernehinnebetennelse

Folk og Fe

1. Kva anna ord er brukt om bilen som blir kalla Boble?

2. Kva heiter organisasjonen som vart etablert i 2010 for å arbeide mot diskriminering av romfolk?

3. Kva grunnstoff har det kjemiske symbolet Fe?

4. Kva heiter hovudstaden i staten New Mexico?

5. Kva heiter nasjonalforsamlinga i Danmark?

Svar: 1. Folkevogn 2. Folk er folk 3. Jern 4. Santa Fe 5. Folketinget

For dei minste

1. Kor gammal er ein når ein er myndig i Noreg?

2. I kva land ligg byen Sydney?

3. Kva blir eit løp som er 42,195 kilometer langt kalla?

4. Kvar i kroppen er drøvelen?

5. Kva insekt er raudt med svarte prikkar og heiter ladybird/ladybug på engelsk?

Svar: 1. 18 år 2. Australia 3. Maraton 4. I munnen/svelget 5. Marihøne