- Ei ny stjerne er fødd, sa dommar Thomas Felberg etter Adam Douglas sin versjon av åta "False Alarm" av Matoma & Becky Hill.

Han trakk også fram Douglas som ein av sine favorittar etter kveldens sending, og det same gjorde dommarane Mona B. Riise og Alexander Pavelich. Også publikum likte det dei såg og sende Douglas vidare til neste sending.

Kveldens sjanger var EDM, electronic dance music, og i tillegg til Mona B. Riise og Thomas Felberg var eidaren Alexander Pavelich sjangerdommar i kveldens sending. Han har hatt øvingar med artistane heile veka, og var spent på å sjå resultatet.

Douglas sjølv kjende seg først litt for "old school" til EDM, men under øvingane fekk han følgande beskjed:

- Eg trur eg berre går heim, for du treng ikkje mi hjelp, sa Pavelich og la til: eg hadde ikkje blitt overraska om eg hadde sett Matoma feat Adam Douglas!

- Dette er ein vanskeleg sjanger fordi ein må lage show, danse, synge veldig høge tonar og formidle samtidig, sa Pavelich i starten av sendinga.

Han peika òg på at dette er ein sjanger som nordmenn er spesielt gode på.

- Kygo, Alan Walker og Matoma er nokre av dei norske stjernene. Heile verda ser mot Norge no, sa Pavelich.

Etter Douglas si framføring var både Pavelich og Felberg imponert.

- Dette er heilt "insane"! Du går hardt ut, og har stemmekvaliteten til å gjere nettopp det. Norge har fått ei ny stjerne, uansett korleis det går i konkurransen. Han heiter Adam Douglas!, sa dei.

Pavelich var også veldig fornøgd med dei andre artistane.

- Eg var spent på kven som skulle ta den heilt ut i dag, og det har samlege gjort, sa han etter at alle var ferdige på scena.

Dette var andre sending i årets sesong, og første program kor ein av artistane blei slått ut av Stjernekamp. Douglas, som eigentleg skulle vore i bryllaup til bror sin, gjekk vidare til neste sending og står på scena igjen komande laurdag.  Hilde Lyrån måtte forlate Stjernekamp i kveldens program, og vart første deltakar ut av konkurransen.

Adam Douglas hadde sin første spelejobb i Norge under Bremanger Rockweekend i 2007, kor han vart forelska i Kristin Solberg frå Bremanger som han i dag er gift med.