Namn:Marianne Pleym Refvik
Alder:28 år
Adresse:Raudeberg
Sivilstatus:gift, tre barn
Yrke:postbod
Aktuell med:er med å arrangere haustmarknad i Refvik i Vågsøy laurdag 10. oktober.

– Kva skjer på haustmarknaden?

– Då håpar eg det blir masse folk. På haustmarknaden vil det stå folk som sel diverse ting dei har laga sjølv, eller lopper dei har. Nokre skal selje kjøtt, andre ting som hudpleieprodukt. Så det er mykje forskjellig og det blir kjempeartig. Mellom anna kjem TMFK-jenter i 15-16-årsalderen for å skaffe inntekter til tur, noko vi synest er positivt og kjekt.

– Kor mange vil ha stand?

– Per no er det ti personar som skal ha stand, to bilar kjem og eg har fått tilbakemelding frå andre som kanskje kjem. Så det kan hende at det kjem nokre fleire i siste liten.

– Kor blir marknaden?

– Det blir på Refvik. Vi kjem til å sette opp eit stort, kvitt telt, i tillegg til å bruke bygdehuset.

– Korleis kom ideen?

– Ja, det kan du seie. Det var eigentleg mor mi sin idé, og ho hadde marknaden i 2013. Men så vart ho sjuk, og difor hadde vi ikkje marknad i fjor. Då eg var på tur, køyrde vi forbi eit marknad der dei selde så mykje fint, og det er mellom anna veldig populært i Sverige, der folk kjem med eigne lopper. Eg tenkte at det ville vere ein artig ting å gjere her på Refvik. Kvifor kjøpe nytt heile tida, når ein kan kjøpe det brukt. Sjølv er eg litt gamaldags av meg, og eg likar å prøve å gje liv i det gamle.

– Er tanken at dette skal bli ein tradisjon på Refvik?

– Ja, tanken er at vi skal ha dette kvart år. Fleire eg har prata med har vore positive til å setje av ei fast helg for Refvik. Det blir nok bra.

– Korleis har planlegginga gått?

– Det har vore planlagt i eit par månadar, og det er mange som stiller opp og hjelper til. Det er ti som vil bake kake, fire som skal lage klart marknaden og mannfolka sett opp teltet. Alle stiller opp og hjelper til når ein spør, noko som er veldig kjekt. Det er bra at alle ønskjer å hjelpe til slik at det blir ein hyggeleg haustmarknad.

– Korleis trur du laurdagens haustmarknad blir?

– Eg trur det blir veldig bra. Og det er ikkje meldt regn til laurdag, heldigvis. Dessutan er det alltid kjekt å treffe folk og vere sosial. Og ikkje minst blir det spennande å sjå kva som blir selt.