The End ...? stod det på bilen under motorshowet på Kjelkenes, men klubben har ikkje tenkt å gi seg med det første.

Street legal på ferjekaia, er med Stian Vågene frå Svelgen i sin Ford F-250 Powerstroke (t.h.) mot ein Audi.

– Nei, vi kan ikkje gi oss. Folk er glade i det vi styrer på med. Vi må vise at det er liv i oss, seier Christian Gulhaugen.

25 år med Amcar

Svelgen Amcar feirar 25 år i år.

– Vi hadde bestemt at det skulle vere siste treffet med dette konseptet, for det krev ekstremt mykje arbeid, og vi var for få folk til å gjennomføre, fortel Gulhaugen, som legg til at dei var fem personar færre i den «harde kjerne».

I år var det derfor Svelgentreffet gjort om til ein dag med street legal og motorshow. Men flotte bilar, svidd gummi og høglydt show blei det likevel ein flott dag for dei som møtte på Kjelkenes ferjekai. Dei tre klassene som køyrde drag race var tohjulstrekk, firehjulstrekk og junior. Dei tre

Kristin Solberg (f.v.), Madelen Sagmo og Tor Erik Nigardsøy vann kvar sine klasser under drag race.

vinnarane blei Kristin Solberg, Tor Erik Nigardsøy og ti år gamle Madelen Sagmo med sin dragster.

– Madelen køyrer juniordragster og har ei toppfart på 120 km/t når ho passerer målstreken på ein 200 meter street legal. Det er spesielt når det er jenter, seier Gulhaugen.

Treff med ein ny vri

Det nedtona treffet resulterte i at talet på publikummarar var lågare enn vanleg.

– Det var litt lite publikum. Folk hadde nok ikkje heilt same gløden for å komme når det ikkje var treff, seier Gulhaugen, som fortel at klubben til neste år vil legge om til ein annan type treff.

– Vi ser at det er ingen som kjem til Svelgen for å ligge i telt for å sjå street legal. Ein kjem for konseptet med camping, grilling og ha det kjekt med likesinna. Vi må prioritere å lage eit koseleg treff med camp, det er det intime og koselege folk kjem for.

Karstein Leirvik fra Svelgen hadde med dottera Emilie Leirvik (18) i ein del av heata.

Neste år ser klubben derfor føre seg eit eindagstreff med open camp heile helga.

– Vi må finne på noko meir, men likevel gjere det enklare slik at vi klarar å gjennomføre, seier Gulhaugen.

Dei vil også vurdere andre køyretøy på treffet.

– Det kan vere at vi også lar det bli ope for gatebil, motorsyklar og traktorar – alt som har med motor å gjere. Mange på landsbasis gjer dette akkurat no, avsluttar Gulhaugen, som fortel at Svelgen Amcar per i dag tel kring 30 medlemmar.

Tore Leivdal og Martin Navekvien fra Nordfjordeid og t.h. Siw Jeanett Brekke Refvik og Lars-Åge Brekke Refvik fra Haus.