Fredag starta med strålande sol, og ein kan vente at litt overskya, men pent vêr utover ettermiddagen og kvelden.
Temperaturen held seg på 20-21 grader til i kveld, då kryp den nedover eit par grader. For dei som søv i telt kjem temperaturen natt til laurdag ned i 12 grader.
Laurdag melder yr.no om strålande sol på føremiddagen, før det skyar delvis til utover ettermiddagen.
Temperaturen held seg likevel rundt 20 grader i morgon, og varmast blir det frå klokka 15.00 og utover med 21 grader. Regnet held seg vekke frå Malakoff Rockfestival og Nordfjordeid heilt til måndag.
Sjå detaljert vêrvarsel her.