Sølvi Hopland Aemmer hadde med seg både brør og venninner på scena då ho heldt jubileumskonsert i Sør Vågsøy kirke tysdag kveld.

– Eg sit igjen med eit storarta minne for livet. Det var heilt fantastisk å ha med så mange nære og kjære på konserten, seier Sølvi Hopland Aemmer.

Konserten tysdag blei heldt i anledning platesleppet for dei to nye samleplatene hennar, og for å markere at det er 20 år sidan ho gav ut si første plate.

Takksam for nye opplevingar

Hopland Aemmer fortel at det er trygt og lett å ha med seg dei to brørne på scena.

– Vi er vande med å synge i lag, og treng ikkje å øve mykje i forkant. Det er eigentleg berre å bli einige om kven som skal gå opp og ned. Det er veldig kjekt, seier ho.

Venninnene Marianne Juvik Sæbø og Solveig Leithaug som var med på konserten har ho derimot ikkje vore på scena saman med tidlegare.

– Eg er fantastisk heldig som fekk oppleve dette, seier Sølvi Hopland Aemmer. Her med venninnene Solveig Leithaug (t.v.) og Marianne Juvik Sæbø. Foto: Benedikte Flataker

– Vi song saman i skulekoret, men har aldri hatt konsert i lag før. Eg hadde aldri trudd at eg skulle få oppleve det, så det er veldig stort. Ei gåve, seier Hopland Aemmer som også trekker fram harpespelinga til Runi Wold-Kristiansen.

– Eg har aldri opplevd live harpemusikk, det gav konserten eit løft, seier ho og beskriv kvelden som avslappa og varm.

Vågsøy-artisten fekk mange flotte tilbakemeldingar frå publikum etter konserten.

Rørte publikum til tårer

– Eg fekk høyre at konserten hadde vore varm, hjartenær og rørande. Publikum lo og grein om kvarandre og følte seg som heime i si eiga stove, fortel ho.

– Det er godt å sjå og høyre at musikken min rører hos folk, og ikkje minst er det veldig kjekt at dei som kom gleda seg med meg for at eg fekk denne opplevinga, seier ho.

Det var 105 betalande under kyrkjekonserten, noko Hopland Aemmer er godt nøgd med. Salet av dei to nye samleplatene gjekk også godt, og kvelden blei avslutta med enda meir musikk og god prat på Ulvesund fyr.

Framover ser Hopland Aemmer for seg å bruke mykje tid på musikken.

– Eg har eit ønske om å få ut den nye plata mi til jul, og i alle fall legge ut singlar på nettet etter kvart som songane vert ferdig, seier ho.