– For å kome inn i kyrkjerommet måtte agentane seie eit passord og gå gjennom ein labyrint der dei mellom anna fekk sette fingeravtrykket sitt på agentkortet, fortel kyrkjelydspedagog Marte-Iren Lade.

Agentpølse og edderkoppmuffins smakte kjempegodt etter å ha lest oppdrag med forstørringsglas, lært nye songar og klatra opp i klokketårnet.

– Agentane fekk høyre om den gylne regel og forteljingane om den barmhjertige samaritan og om Josef, fortel ho.

På sjølve gudstenesta kom også familiane til agentane og fekk sjå agentane i aksjon med både prosesjon, song og drama.

Med seg heim fekk agentane ei bok heim som handla om skattejakt i ei kyrkje.

Foto: Privat
Foto: Privat
Foto: Privat
Foto: Privat
Foto: Privat