Onsdag kveld var det julekonsert med kulturskulen på Vågsøy Ungdomsskole. Då var det ein gjeng som fekk vise seg fram på scena fleire gonger gjennom konserten.

I den musikkglade familien er alle med i kulturskulen. Av den store familien på sju, er seks av dei elevar på kulturskulen i Måløy. Ein etter ein har dei smitta kvarandre med interessa for musikken.

Kulturskulefamilien bur i Deknepollen og er ofte innom kulturskulen for å vere med på øvingar. Alle spelar sine instrument og heile familien elskar musikk.

Jade Jasmin Gerda Drost spelte cello saman med læraren, Ivan Smilovski. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Dei elskar musikk og brukar mykje tid av ettermiddagen på at alle skal komme seg på øving.

– Vi elskar musikk, heile familien likar kulturskulen veldig godt, seier Peter Harm Drost.

Ungane spelar, saxofon, piano, fiolin, cello og yngste er med på vokal. Faren lærer seg saxofon.

– Vi likar å spele musik fordi det er noko vi kan vise andre, seier den eldste i søskenflokken, Jade.

Ho fortel at kulturskulen er veldig god fordi ein kan velje mellom så mange instrument, som gir mykje variasjon.

Peter Harm Drost spelte Amazing Grace på julekonserten. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Det blir mykje venting i gangane på kulturskulen for at alle skal få øvd etter kvarandre.

– Vi er på rundt åtte øvingar i veka, så det går mykje tid til dette, seier Christina Blålid, som var med på å sjå heile familien spele og synge.

Peter er imponert over lærerane på kulturskulen og seier dei er til god hjelp.

– Det er veldig gode lærerar her som er veldig flinke, så det er berre kjekt å kunne få vere elev, seier Drost.

Aldri for seint å lære

Han er ein av dei eldste kulturskuleelevane og har spelt saxofon i eit år.

– Eg har alltid hatt veldig lyst til å lære meg eit instrument. Før eg starta her har eg aldri spelt eit instrument, seier han.

Under konserten stod nesten heile familien på scena, ein etter ein. Faren spelte ein song saman med lærerane, men var ikkje nøgd med eigen innsats.

– Eg gjorde nokre feil i dag, så eg er ikkje heilt nøgd, seier han.

Rose Anne Sophie Drost spelte saxofon på konserten. Foto: Fride Audunsdotter Westvik

Unik storfamilie

Men ein som er glad for at familien er med i kulturskulen er læraren, Lisbeth Våge.

– Eg elskar denne familien, det er veldig kjekt å ha dei her på kulturskulen, seier Våge.

Ho er imponert over engasjementet til familien og at dei klarar å få med seg alt av øvingar.

– Det er veldig kjekt, vi har nok aldri hatt ein familie der absolutt nesten alle er elevar hos oss, seier ho.