Dansegallaen 2022 hadde fått namnet Let’s dance og det var akkurat det Helgesen inviterte til då han sang tittelnummeret.

Betre enn Bowie

Med fare for å fornærme innbarka David Bowie-fans strålte Helgesen på scena laurdag. Trygg, underhaldande og inkluderande, og med ei stemme du skulle ønske kunne synge deg i søvn kvar kveld, tok han publikum med storm.

Han tolka Let’s dance på ein behageleg måte som nesten gjorde han betre enn Bowie. Og då han avslutta songen med «Let’s dance – etterpå!» var kvelden sikra.

Å la solistane og dansarane skine klarte kapellmeister Tryggve Dyrvik og Måløy musikklag på ein meiserleg måte laurdag. Det ligg mykje øving i å få til eit slikt samspel og kontroll med 18 melodiar og så mange solistar.

9.000 menneske

– Det har vore ein kjempekjekk kveld. Det var godt endeleg å få spele igje, seier leiar i Måløy musikklag, Kjell Gunnar Tennebø, til Fjordenes Tidende.

I løpet av dei 29 dansegallane som har vore har musikklaget spelt for 9.000 publikummarar og framført om lag 600 melodiar.

Tennebø er takknemleg for og stolt av alle dei rundt 60 aktørane som har vore i sving for å lage til showet.

Måløy musikklag har gjort ein stor jobb framfor årets dansegalla. Her Anne Grete Degnepoll til høgre som var korist på heile ti songar. Foto: Kjellrun Åsebø

– Det er eit stort apparat og krev mykje jobb, men det er morosamt. I alle fall når ein ser kor kjekt folk har det, seier han.

Korpset hadde med seg sju solistar, korist, dansarane Selena Sekse, Stine og Renate Bø og Lone og Vilde Myhre Skavøypoll, Arve Rutledal på gitar og Harald Barmen på bass.

– Vidar Furnes blei dessverre forhindra i å kunne stille, men Per Amundsen stilte sporty opp på piano, skryt Tennebø.

Tøff start med kyrkjeklokker

Ein kunne ikkje unngå å få med seg starten på dansegallaen. Med eit mektig første nummer sette musikklaget tonen og Annette Simanne Myre slo på stortromma.

Ein annan solist som ikkje var redd for å by på seg sjølv var Chris Nedreberg Silden. Han song Run to the Water, Here Tonight og Human. Etter Human fekk han ståande applaus frå fleire i salen etter å ha dansa seg gjennom songen.

Det var tydeleg å både sjå og høyre at mange av solistane var vande med å stå på ei scene, og at samspelet med musikklaget lett kunne hentast fram igjen.

Tre solistar som passa godt til storbandet var Gunnar Domstein, Sonja Ellefsen og Randi Melheim. Domstein og Ellefsen med sine kraftige stemmer og Melheim med skinnbukse og råskap i stemma.

– Så fint

Tone Hessevik har også sunge på dansegallaen tidlegare, og denne gongen song ho Mercy on Me, Lionheart og Just a Fool. Den siste i duett med Hans Christian Helgesen. «Å, det var fint. Eg får gåsehud», kunne ein høyre blant publikum.

Dansegallaen starta med ein smell og slutta med ein til. Musikklaget, dansarane og Annette Simianne Myre sørgde for ei vitamininnsprøyting før det var publikum sin tur til å innta dansegolvet.