Alle som deltok med musikalske innslag under UKM i Bremanger får tilbod om å spele inn låta i studio og vere med på profesjonell «photoshoot».

– Vi fekk 15.000 kroner frå UKM sentralt etter at vi søkte om stimuleringsmidlar til eit prosjekt vi har kalla UKM Demo. Det er vi veldig glade for, seier Elisabeth Solbakken, som har hovudansvar for UKM Bremanger.

Imponerande nivå

Det var 15 sceneinnslag og ti kunstprosjekt til årets UKM.

Kulturhuset Heimen hadde god plass til utstilling, green room, kinosal og kafé. Det meste var drifta av ungdomsskuleelevar og det var også ungdom som gjorde jobben som konferansierar. Inga Sagmo og Ole-Martin Nybø tråkla seg fint gjennom programmet.

Fem sceneinnslag vidare

– Det var høgt nivå som alltid her i Bremanger, sa Ole-Martin Frimannslund, som sat i juryen saman med Leni Lisæter og Kristine Solvang

Mina Kristine Årseth (17)song «Time after time» av Cyndi Lauper og fekk ros for fin tolkning av songen og særpreg i stemma.Aksel Hauge Vedvik (14), som kallar seg Akzel, stilte med eigenkomponert tekst og melodi. Songen «Feelings» fekk gode skussmål. Danseduoen We believe med Tiril Blix (12) og June Adine Hjortland (13) frå Svelgen framførte moderne dans til musikken «River flows in you» og «Hope».

– Fint bodskap, sa juryen.

To kunstprosjekt vidare

Thea Victoria K. Ytre-Hauge (15) gjekk vidare med kollasjen «Sorg og glede»:

– Eg har teke avstøping av ansiktet i gips og deretter støypt i betong. Den eine halva beskriv sorg og knuste draumar. Andre sida er glede. Eg likar godt å teikne, male og lage forskjellige ting.

Hanna Kristine Elde (13) kom vidare med bildet «Twisted Emotions». Bildet illustrerer at ein ikkje alltid viser utad korleis ein føler seg inni, forklarer ho.