På øya Selja kan du fordjupe deg i historia om Sankta Sunniva. Den irske kongedottera var, ifølgje legenda, på flukt frå vikingar og kom til Selja. Her vart ho gravlagt i ei steinrøys,  men kroppen vart seinare funnen heilt intakt. Vernehelgenen for Vestlandet var eit faktum.

Selja kloster- og helgenanlegg er eit av dei best bevarte anlegga i landet, og her kan ein vandre i ruinane som ligg  i storslått natur med utsikt rett mot havet.

I perioden 18. juni til 12. august går det to daglege turar med Klosterbåten som inkluderer guiding i helgenanlegget. Før denne perioden går klosterbåten ein dagleg tur på laurdagar.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.