Denne påska ser Fjordenes Tidende på ulike måtar ein kan velje å gifte seg på. Nokon giftar seg på eit offentleg kontor i lunsjen, andre på ei strand. Moglegheitene er mange om du går med bryllaupsplanar.

Men kor rimelegheitas grenser går, har han ikkje heilt funne ut av.

– Det får vi sjå når vi kjem dit, ler ordføraren, som frå 1. januar vart gitt ei ny kommunal oppgåve – nemleg kommunal vigsel.

– Men det handlar om at det skal vere noko høgtidleg rundt vigselen. Om nokon vil gifte seg på toppen av Trollenykjen, eller på eit skjer eller ein holme ein stad, så prøver vi å stille opp på det, også på ein laurdag.

Som vigslar kan ordføraren til dømes også stille i Kjøsnesuniformen, og ta ein tone eller to på trompeten.

– Eg har tenkt over at eg i eit bryllaup skal vere ein nøytral vigslar, og ikkje stikke meg ut. Eg vil ha nøytrale kle, om det er ikkje skulle vere slik at det kjem spesielle ønske frå brudeparet om at det skal gå føre seg med uniform og slik, smiler ordføraren.

Pyntar kommunestyresalen

I Eid kommune inviterer ein gifteklare til å bli vigde i kommunestyresalen.

– Vi arrangerer seremoni i kommunestyresalen på fredagar. Det er den dagen vi har beredskap for å gjere det. Og då vil den vere pynta og paret vil bli tatt fint imot. Så blir det lagt til rette for at det blir ein høgtidleg og fin seremoni, fortel Bjørlo, og legg til:

– Og så har vi sagt at vi er opne for å stille opp elles, om ein ønskjer vigsel i ei anna ramme.

I Eid har ein allereie hatt ein kommunal vigsel, og denne vart gjennomført i kommunestyresalen på rådhuset. Vigselen vart utført av kulturmedarbeidar Gerd Fløde Bjørlo.

Gratis vigsel i Eid

Saman med varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen, rådmann Åslaug Krogsæter, kultursjef Geir Holmen og kulturmedarbeidar Gerd Fløde Bjørlo har ordføraren vigselrett, og vil då gjennomføre sjølve vigselen som ein før møtte på sorenskrivaren sitt kontor for å få utført. Dette utgjer «basistilbodet» i Eid.

– Dette er ope for alle. Etter lova så skal vi gjere dette gratis dersom ein av dei som gifter seg er frå kommunen, men vi har valt å seie det er gratis for alle. Det er litt inn i Eid inviterer-profilen seier Bjørlo.

– Det kan jo vere nokon som trefte kvarandre på Malakoff, og vil komme tilbake å gifte seg her. Det er ikkje nokon grunn til å snevre inn dette her. Eg trur ikkje det blir gifterush. Den tid, den sorg, smiler Bjørlo.