38-åringen bestemde seg derfor i fjor for å følgje draumen frå studietida, om å få laga ein norskbasert kremlikør, for «kvifor i alle dagar får Baileys ha kremlikørmarknaden for seg sjølv?».
– Så eg sa opp den trygge jobben i fjor og stabla dette selskapet, som heiter Fjording, på beina.
Studiane han heldt på med då ideen dukka opp var marknadsføring, og sentralt i namnevalet Fjording var det mykje som stemte.
– Først og fremst så er Fjording eit knakande godt namn som står seg godt på norsk og andre språk. Og så ligg det gode verdiar i å vere ein fjording som eg hadde lyst å ta med inn i selskapet mitt. Vidare ønskte eg å knytte selskapet til regionen vår, som er kjend for fjord og fjell. Om vi skal selje Fjording utanlands, er det å spele på opphavet og regionen viktig.
Den tredje dimensjonen i namnevalet er fjordhesten.
– Då eg bestemte meg for å bli gründer og kunne bestemme ting sjølv, bestemte eg meg for at eg skal donere 1 dollar for kvar selde flaske til fjordhestvenlege initiativ. Eg kjem frå fjordhestbygda Nordfjordeid, bestefar og onkel var hesteoppdrettarar, og eg vaks opp i ei tid på 1980-talet då det var mykje flotte fjordhestar i sving. Så har ein fjordhestsenteret, og ein får med seg utviklinga til fjordhesten med sviktande fødselstal og innavl. Tap av artar og biologisk mangfald er eit stort problem, seier Løkling.
Fjording stemte på så mange vis, men om han kan tenke seg å bli nordfjording igjen, så ligg det ikkje umiddelbare planar om det.
– Spørsmålet melder seg jamt og trutt, men sjølv om eg er glad i heimregionen, og har ein del venner og kjende der, og for så vidt eit bra kulturliv, så har eg blitt i Oslo, seier Løkling, som har to barn med kjærasten Mariann Berstad, som også er frå Eid.
Ein halv million i støtte frå Innovasjon Norge gjorde at Løkling frå 1. april kunne drive med selskapet Fjording på heiltid frå kontoret i Oslo. Fram til då jobba han også deltid som konsulent. Bakgrunnen har han som forretningsutviklar og marknadsførar. Å lansere Fjording tidlegare i år ser han på som ein milepæl.
– Vi er eit veldig lite selskap med små ressursar, så det er ein gigantisk milepæl. Vi har stor nok grunn til å vere happy så langt, seier Løkling, som håpar at han i løpet nokre år sel likøren både i Norge og utlandet.