Namn: Amanda Hopland Erviksæter
Alder: 16 år
Bustad: Bryggja
Sivilstand: singel
Yrke: student
– Kva skal du i sommar?
– Eg skal på leir med 4H og elles berre slappe av heime med familie og vener.
– Kva er ditt favorittreisemål?
– Eg har ikkje vore der, men har eit stort ønske om å reise til USA og ri langs Grand Canyon.
– Kva er typisk sommar for deg?
– At det regnar mykje, men at folk framleis er glad, og at det er mykje glede rundt meg.
– Korleis vil du beskrive ein perfekt sommardag?
– På ein perfekt sommardag et eg vannmelon og grillmat, badar, solar meg og har vannkrig saman med gode vener.
– Har du ei favorittbadestrand?
– Sætrasanden.
– Kva legg du helst på grillen?
– Eg likar aller best å grille hamburgarar.
– Kva er ditt beste sommarminne?
– Då eg var i Finland med 4H i fjor sommar.
– Korleis skal du kople av i sommar?
– Eg skal ta livet heilt med ro, og elles ta dagen som den kjem. Ingen grunn til å stresse.
– Kva gjer du om det regnar?
– Slappar av med ein god film eller serie på netflix.
– Kven vil spandere ei korg jordbær på?
– Bestefar.
– Kva gjer deg glad?
– Å vere saman med vennane mine og familien min.
– Kven beundrar du?
– Jan Brink og Göran Jonsson.
– Kva er din største draum?
– Å få jobbe i ambulansen.
– Har du ein hobby?
– Eg har mange. Eg driv med riding, turn og handball, samtidig som eg er med i 4H og i UNG, redningsselskapet sin ungdomsorganisasjon.
– Kva er du mest stolt over med heimstaden din?
– Det er heilt klart naturen.
– Kva les du i lokalavisa?
– Eg les om ting som mamma synest er spennande, og elles ting som ser viktig ut.