Teatersjef Cecilie Grydeland Lundsholt fekk boka Tollak til Ingeborg i julegåve same året som den kom ut i 2020. Seks dagar seinare ringde ho Tore Renberg for å invitere til samarbeid, og han let seg overtyde av krafta og dei gode intensjonane til teatersjefen i Vest, skriv Teater Vestland i ei pressemelding.

Renberg brydde seg ikkje om kor vidt Oslo ville ha stykket, og han kallar det ein draum at stykket får reise rundt på bygdene.

– Vår eigen Kyrre Eikås Ottersen står på scena i rolla som Tollak saman med Andrine Sæther (Ingeborg), Malene Wadel, Harald Ottesen Nødtvedt og endå ein skodespelar. Regien er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyingar og elles er ein av dei som starta Teaterfestivalen i Fjaler, fortel informasjonsrådgjevar Heidi Hattestein.

Populær

Historia om Tollak til Ingeborg har rørt lesarar over heile landet, og har selt meir enn 70 000 eksemplar.  No blir boka teater, dramatisert av Tore Renberg sjølv.

– Det er éin mann som aldri hadde kome og sett denne framsyninga, det kan eg garantere deg, seier Tore Renberg.

– Han heiter Tollak. Men Ingeborg, ho hadde kome!

Tore Renberg er kjend for sine lysande portrett av vanlege og uvanlege menneske, og ikkje minst norske menn. I «Tollak til Ingeborg» møter vi ein mann som har sterke krefter i seg – til arbeid, til kjærleik og til destruksjon.

Lesarar og kritikarar var vilt begeistra da romanen kom i 2020. NRK skreiv: «Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama». Det er eit mannsportrett og ei tragisk familiehistorie, men òg ei vakker historie om kjærleik.

Det er Riksteatret i samarbeid med Teater Vestland som tar romanen til scenen. 65 stader i heile landet i får besøk.

7. februar 2024 er det Måløy sin tur, og det blir i Nordfjordhallen.