– Det blei ei kjempeoppleving for både meg, bandet, ungdomane som deltok og Hanna Kvamme som var med og song. Samstundes, for min eigen del, vart det emosjonelt, seier musikaren, og viser til at farfaren hans, Karl Kvalheim, var med og kjempa for scena i Turnhallen i Måløy i alle år.

– Og når eg då song farfar sin song, Deilig er jorden, på farfar si scene, så var det veldig stas og veldig sterkt.

Jørn Trollebø Kvalheim hadde med seg fleire musikarar og songarar på scena. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

Julestemning og ettertanke

Det var laurdag at Trollebø Kvalheim inviterte til sin heilt eigen julekonsert i Turnhallen. Ein sjanger han aldri har prøvd seg i tidlegare, men som hausta lovord frå publikum.

– Tilbakemeldingane og responsen har vore overveldande positive. Eg fekk ei tilbakemelding som var slik: «Eg gjekk frå konserten og følte at skuldrene hadde seinka seg. Eg gjekk med julestemning og ettertanke». Det er jo akkurat det ein ønsker seg, smiler artisten, som rettar dei positive orda og ein stor takk vidare.

Responsen på konserten var svært god. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

– Eg må takke Lina Wåge som har vore med å samle saman ungdomskoret, og takk til Musikklubben som har hjelp til, til mamma og pappa, til Turnhallen og til den lokale lydmannen Sigbjørn Lillestøl som gjer ein kjempejobb. Dette var heilt fantastisk.

Jørn Trollebø Kvalheim er svært takknemleg for alle som stilte opp for å realisere konserten. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

Og på spørsmål om han har eit høgdepunkt han vil trekke fram frå konserten er ikkje artisten ordknapp.

– Det å få vise ei ny side av seg sjølv som artist er veldig kjekt. Det er deileg å ha enda meir fokus på å formidle og å få utfordre seg sjølv, seier Trollebø Kvalheim.

Han peiker også på to andre høgdepunkt.

– Eg har skrive om Maria Mena sin Home for christmas, eller Jula hjemme, til mi eiga dialekt, så det var veldig kjekt å få synge saman med Hanna Kvamme på denne versjonen. I tillegg var det overveldande å få ståande applaus etter kveldens mest krevande nummer O helga natt.

Eit av høgdepunkta var då Jørn Trollebø Kvalheim og Hanna Kvamme framførte Jula heime. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

Gav meirsmak

Og ifølge Trollebø Kvalheim kan det blir fleire julekonsertar.

– Det var ein emosjonell gut som gjekk ned trappa etter konserten og det gav absolutt meirsmak, seier han, og held fram:

– Det første eg tenkte då adrenalinet hadde lagt seg var at vi må vel få til ein slik konsert neste år også.

Det vart ei emosjonell oppleving for måløyværingen. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

Trollebø Kvalheim har allereie fått ja frå både band og lydmann på å stille neste år.

– Eg kjem nok til å begynne å tenke på det i januar. Det hadde vore kjekt om det kunne bli ein tradisjon.

Full kalender

No ventar julefeiring heime i Måløy med familien, som no også inkluderer eit onkelbarn, Lotte. Det blir også ein liten familieturne og tid til gode vener. 4. juledag blir det mogleg for fleire å sjå Trollebø Kvalheim. Då står han på scena på Jibben.

– Det blir ein skikkeleg nostalgikveld. Då blir det reunion for Nuts, det aller første bandet mitt. Vi skal også ha med oss fleire andre band på scena. Så det blir veldig kjekt.

Årets julekonsert er historie, men artisten har mange oppdrag og mykje på kalenderen i 2024. Foto: Thomas Hagen/Galleri H

Når måløyværingen så returnerer til Oslo ventar fleire speleoppdrag og prosjekt.

– Eg spelar mykje på events og så skal eg starte eit nytt prosjekt, eit Foo Fighters-tributeband. I tillegg har eg begynt å spele inn eit nytt minialbum, som eg håpar skal kome ut i løpet av året.

– Eg har nok å gjere, men det er betre med litt for mykje enn for lite, slår Trollebø Kvalheim fast.

Denne haldninga har kanskje vore med å bidra til at måløyværingen har tiårsjubileum som 100 prosent musikar neste år.

– Vi må sjå om vi ikkje får til ei markering av dette også, smiler han.

Jørn Trollebø Kvalheim trivst best når han har mykje å gjere. Foto: Thomas Hagen/Galleri H