Den fjerde utdanninga skulle bli den rette for Kirsti Sørnes (57). Søndag blei ho innsett som ny sokneprest i ytre Bremanger.

– Eg har alltid vore ei søkande sjel, og eg fann vel ikkje heilt hylla mi før eg begynte på presteutdanninga som 46-åring, seier Kirsti Sørnes, som frå før er utdanna innan kontor, som automasjonsingeniør og som næringsmiddelteknikar. Ho har både arbeidd på kontor og drive sitt eige bedriftsrådgjevningsfirma, men dei andre to utdanningene fekk ho aldri prakti- sert.

For då Kirsti var ferdigutdanna var marknaden dårleg.

– Det året eg begynte på ingeniørhøgskulen, var det berre seks i avgangskullet som ikkje hadde jobb å gå til. Då eg slutta, var det ingen som hadde jobb å gå til. Så marknaden forsvann på fire år.

Innimellom utdanningane har ho også jobba i slakteri, butikk, på hotell og som trailersjåfør.

Prestetanken kom nokså brått på, sommaren 2005.

– Eg hadde ikkje tenkt i dei baner i det heile tatt før. Men ideen dukka opp og sette seg fast, seier ho, og forklarer at det kjentest som eit kall.

– Eg og mannen min brukte eit par månader på å kome fram til at dette var noko eg måtte gjere. Og eg har ikkje angra.

Ho har ikkje vakse opp i ein kristen familie, men fekk likevel ei religiøs oppleving – ho «såg lyset» – ti år før kallet kom.

– Det var midt i 30-åra. Då begynte eg å kalle meg kristen. Eg låg og las i ei andaktsbok om påska då det slo meg at «dette er sant». Eg opplevde at rommet blei fylt av lys og høyrde nesten englekoret. Det var ei heilt spesiell oppleving.

Prost Rolf Schanke Eikum heldt ei lita tale for den nye soknepresten, før ho sjølv leia gudstenesta vidare.

Kirsti blei ordinert som prest i juni 2013, og begynte som sokneprest i Davik, Midtgulen, Ålfoten og Rugsund sokn same året. Ho har sett pris på møte med menneske dei første tre åra i jobb som prest.

– Det er veldig givande å vere prest, særleg delen der eg har kontakt med folk. Dåp og vigsel er berre kjekt. Gravferder er i andre enden av skalaen, men det å få lov å vere ei støtte i den situasjonen og det å kjenne på at ein har styrke til å vere der for folk, gjer godt. Trusopplæringa ligg også hjartet svært nær.

Her i Frøya kyrkje blei Kirsti innsett søndag, men ho vil også bli å sjå i dei andre kyrkjene i soknet. Arkiv

– Når det er ungar med i gudstenesta fordi dei skal få bok eller har vore med på Tårnagenthelg, Lys vaken eller anna er det så kjekt i kyrkja. Og konfirmantane er berre heilt suverene. Dei er opne, imøtekommande og reflekterer fint.