Ane Barmen har ein finger med i spelet om kva som skal skje på Norges mest kjende hotell det neste året.

Då skal nemleg 30-åringen frå Vågsvåg i Vågsøy stå for manuset i fire episodar av Hotel Cæsar på TV 2. Hotel Cæsar er ein institusjon i seg sjølv, og den har vist seg å vere slitesterk etter 17 år. Snart rundar serien heile 3.000 episodar.

– Eg vaks jo opp med dette her, smiler Ane.

Såpesjangeren gjorde sitt inntog i Norge allereie på 80-talet, men Ane er for ung til å hugse Blake og Krystle i Dynastiet og Maggie og Chase i Falcon Crest. Men J.R. Ewing har ho eit betre forhold til.

– Eg har vore heilt blodfan av Dallas! Eg såg det i reprise då eg gjekk på barneskulen.

Vegen til Hotel Cæsar gjekk via kontaktar.

– Eg blei anbefalt for ein av redaktørane i Hotel Cæsar, og etterpå avla eg skriveprøve, fortel ho.

Og det ho forfatta fall i smak hos «hotelleiinga».

– Det er jo eit kvardagsdrama som tek for seg allmenne ting. Eg har fått retningslinjene om kvar historia skal gå hen, så jobbar eg ut ifrå det, fortel Ane om skriveprosessen der ho har status som dialogforfattar.

Vågsøyværingen føler på ansvaret når ho skal legge ord i munnen til veletablerte karakterar som 3-400.000 TV-sjåarar har eit forhold til.

– Eg må sette meg inn i mykje, og det er eit stort ansvar. Kva slags personar dette er, og kva som er naturleg for dei å seie og korleis dei skal reagere i ulike situasjonar. I andre enden igjen sit fansen som forventar ei positiv utvikling for favorittkarakterane sine.

– Cæsar har jo stor aktivitet på si eiga Facebook-side der det er mange sjåarar som føler sterkt for serien og dei som er med der, seier Ane.

Om 30-åringen skal stå for ein skikkeleg «gamechanger» i Hotel Cæsar-historia kan ho ikkje røpe.

Men ein ting kan ho likevel love alle Hotel Cæsar-fans.

– Eg må anbefale alle å følgje med, og eg kan love at det blir ein særdeles spennande sesong!

Manuset blir levert i løpet av hausten, og når Ane sine episodar går på skjermen i 2016 blir det fest heime i leilegheita på Frogner.

– Eg gler meg veldig til å ta fatt på dette, og når episodane skal gå på TV skal eg invitere masse folk. Då skal vi drikke champagne og sjå på Hotel Cæsar.