– I fjøsen hoppar geitekillingane Josef, Maria og Vibeke rundt, og gjett om dei gler seg til kos og tåteflaske frå ungane! I tunet ruslar Frøken Fryd og vesle Jesus omkring, i lag med hesten, fuglar og Gråtass. Er vêret ille, må nok Gråtass få fri, men hesten gler seg til rideturar uansett vêr, enten ute eller inne i Grindløda. Vi håper å sjå deg!, skriv Hakallegarden.

Her er noko av det andre som skjer i helga:

  • Bremanger Frivilligsentral inviterer til kulturoppleving med M/S Haugefisk laurdag. Det er oppmøte på Igland og det blir servert fiskesuppe, kaffi og saft.

  • Det blir karneval på Ninas kro i Svelgen laurdag.

  • Laurdag 24. februar kan ein sjå utstillinga «Frå ei kvinnes hand» på Galleri Frøya.

  • Søndag er det bingo på Havly med B.I.L.

  • Måndag legg Saga Pearl 2 til kai i Kalvåg. Dette er det første cruiseanløpet i bygda noko sinne. Cruiseturistane skal på guida busstur, på besøk til Hjortegarden i Ålfoten og på heimebesøk i to hus i Kalvåg.

  • Med ein fersk seksar på terningen for si siste plate Kløyvd kjem Odd Nordstoga til Nordfjordhallen allereie tysdag 27. februar. Det er framleis billettar igjen.

  • Bryggja skulekorps, YNB og Bryggja Grendahus arrangerer kvar måndag bingo i Bryggja Grendahus.

  • Seniornett er fast kvar tysdag i Selstadgården i Måløy. Vågsøy Frivilligsentral

  • Det er språkkafé på biblioteket i Svelgen tysdag.

  • Det er Møteplass for seniorar på Skaretun på Raudeberg onsdag 28. februar. Vågsøy Frivilligsentral

  • Elise Årdal (28) frå Måløy er Utavskåpet-kunstar i Det kreative rom på AMFI på Nordfjordeid. Utstillinga er tilgjengeleg til midten av mars. Elise teiknar motiv som består av prikkar.

Ønskjer du førehandsomtale av eit arrangement på Ettter jobb-sidene? Send oss ein tekst og gjerne bilete til fjt@fjt.no eller ring oss på telefonnummer 57 84 90 00