Dirigent, Silje Solvang, og resten av musikklaget gler seg skikkeleg.

– No er vi i full sving med øving. Vi er godt i rute og mykje er i ferd med å falle på plass. Vi trur dei som møter opp i Samfunnshallen på Tennebø laurdag 13. januar får ei flott oppleving, seier Solvang.

I år har Torskangerpoll musikklag fått med seg nordfjordartisten frå Kjølsdalen, Odd-Erik Lothe. Lothe blei i januar i år kåra til årets artist i Sogn og Fjordane av NRK Vestland då han vann Lutt-prisen.

Lothe er mest kjent som frontfigur, vokalist og låtskrivar i bandet Fabel, som blei nominert til Spelemannprisen i 1997 og til årets beste album 1997 og 1999 på NRK P1. Han er også ein av profilane i Finn-Erix og Green Granadas. Han gav ut si første plate med Fabel i 1996, for 27 år sidan.

Seinare har det blitt mange låtar og plater. Han er aktuell med ny låt «Brenn sterkt» som blir slept før nyttår.

13. januar skalTorskangerpoll musikklag igjen få spele nyttårskonsert. Då blir det servert eit spennande og variert norsk program. Foto: Reinhardt Sørgård.

Variert norsk musikk

Konserten er kalla «Nordfjordnatt». Temaet på konserten er norsk musikk som blir framført på ein svingande måte. Publikum vil få høyre Lothe framføre mange av sine største og mest kjende låtar, mellom anna «Nordfjordnatt», «Jordbær og Grasbrann» og «Sukker og Salt».

Det er laga spesielle arrangement for korpset som skal akkompagnere Lothe. Nordfjordartisten vil også framføre nye ting frå sin enormt store produksjon.

– Eg gler meg skikkeleg til å komme til Måløy og få vere med på konserten saman med korpset. Det er alltid flott og noko spesielt å opptre på heimlege trakter, seier Lothe.

Håpar på fullt hus

Leiar i Torskangerpoll musikklag, Jonathan Nyborg, seier det har blitt ein lang tradisjon å starte eit nytt år med å halde konsert i Samfunnshallen på Tennebø. Dette er den 18. nyttårskonserten. I januar var det fullt hus. Då var artisten Andrea Santiago frå Måløy gjesteartist.

– Då var Samfunnshallen heilt utseld. Det var faktisk folk som kom som ikkje slapp inn. Billettsalet er allereie godt i gang, og med Lothe som gjesteartist så håpar vi det blir fullt hus igjen. Det er mange i Nordfjord som har eit nært forhold til Nordfjord-artisten, seier Nyborg.

Eigne solistar

I tillegg til Lothe blir det mykje variert norsk musikk. Korpset har også eigne solistar som skal vise seg fram. Solvang fortel at det blir mange kjende låtar som er fornya til stemningsfulle og svingande versjonar.

– Dette blir skikkeleg kjekt. Både eg og medlemmene i korpset gler oss til å underhalde publikum. Nyttårskonserten er høgdepunktet for oss, seier Solvang.

Torskangerpoll musikklag har 34 medlemmer frå heile ytre Nordfjord.

– Vi har planlagt denne konserten i eit år. No øver vi på spreng og garanterer at vi skal gje alt med Odd-Erik Lothe på laget, seier ein engasjert dirigent.

Her er dirigent Silje Solvang før nyttårskonserten i fjor. Foto: Kjellrun Åsebø

Erfaren dirigent

Solvang er frå Holvik. Ho er utdanna ved musikk-konservatoriet i Tromsø. Ho har spelt i korps på elitenivå i mange år. Ho har lang erfaring som dirigent i fleire ulike korps på austlandet Ho har jobba med korps og musikkundervisning i Oslo i mange år.

For fire år sidan flytta ho tilbake til Måløy. Ho har jobba i kulturskulen i Kinn og jobbar no som lærar. Ho starta som dirigent i Torskangerpoll musikklag i august 2022.

Solvang har spelt både i Holvik skulekorps og Torskangerpoll musikklag i mange år.