Med seg på festen har Ålfoten Hornmusikk og dirigent Fay Løvseth Varano gjestekorpset Kjølsdalen musikklag under leiing av Kari Standal Pavelich.

Under jubileumsfesten blir det servert hjortegryte med tilbehøyr, kaffi og kaker, og etterpå er det dans med Bjarne Lunde.

Det blir også noko for dei minste, der ein riggar opp småsalen sånn at dei kan kose seg.