Etter kveldens The Voice-sending er det klart at Andrea Santiago Stønjum(16) er blant topp fire i årets konkurranse. Måløy-jenta er med det klar for finale neste laurdag. Ho har fått skryt frå dommarane heile vegen, også i kveld, då ho song Something's Got a Hold On Me av Christina Aguilera.

- Heilt sidan starten har prosessen din handla om å sjølvtilliten din, og no ser eg at du verkeleg klarer å ta plassen her - både når det gjeld vokal og haldning. Eg er så stolt av deg!, sa Yosef til Andrea.

Også dei andre mentorane var svært begeistra for det dei fekk høyre.

- Reisa di i The Voice har vore veldig synleg, og eg meiner dette er det beste du har gjort, sa mentor Martin Bjercke.

Lene Marlin la til at Andrea verkeleg høyrer heime på ei scene.

Også publikum gav Andrea ellevill jubel frå start, og nok ein gong fekk ho ståande applaus frå salen.

Neste laurdag kjempar ho om sigeren, og møter Sebastian James, Thomas Løseth og Agnes Stock. Det var Elise Nærø som måtte forlate konkurransen, og mentor Martin har dermed ingen deltakarar med i finalen, medan Lene har to.