Eid vidaregåande skule sette denne helga opp musikalen «Back to the 80s». Elevane er einige om at dei får mykje lærdom gjennom slike oppsettingar.
25 elevar var i aksjon på scena då Eid vidaregåande skule sette opp musikalen «Back to the 80s» denne helga. I musikalen fekk publikum følge Corey Palmer si mimring tilbake til tida hans ved William Ocean High School på midten av 80-talet. Her frå avslutningsnummeret der publikum fekk servert ei kavalkade av kjende hits frå tiåret. Begge foto: Marianne Solheim Rotihaug