Køen for å sleppe inn på festivalcampen på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid strekte seg laaangt i morgontimane.

Klokka ti opna portane til campen på festivalområdet, men dei ivrigaste var allereie på plass i går kveld.

– Vi må sikre oss gode plassar, var omkvedet frå fleire.

Den superpopulære festivalcampen med over 5.000 camperar og 900 telt ein av dei største i landet. I år er den utvida både tre-fire gongar, for at fleire skal få plass.

Idyllisk ved båthamna ved Eidselva er det også i år etablert ein villcamp.

Fleire telt ligg tett i tett, og lakseelva blir brukt til morgonvasken. Her møtte vi ein gjeng frå Geiranger, som var på plass allereie onsdag.

– Det er dette som er finaste plassen. Her har vi campa i fleire år, fortel sunnmøringane. Dei gledar seg mest til å oppleve Seigmenn, Rival Sons og ikkje minst lokale Svelene.

– En det må vere siste gong at Svelene ikkje spelar inne på sjølve festivalområdet, påpeikar dei, som ser fram til ei rocka helg.

Er du på Malakoff? Del dine bilder med Fjordenes Tidende! Send bildene til fjt@fjt.no eller bruk emneknaggen fjtsommer på Instagram.