– Spør du Camilla om hjelp til noko, så hjelper ho deg, og gjer det ho kan for at andre skal bli glad. Og ho tenker nøye over kva som er det beste for den som ho skal gjere noko for, seier Evy Henriette til Fjordenes Tidende.

Ho kan fortelje at Camilla slit med helseplager, noko ho har gjort i mange år, men at ho trass i dette set seg sjølv til side for å gjere andre glade.

– Sjølv om ho har dei utfordringane ho har, så gjer ho det ho kan for at andre skal ha det bra. Det er beundringsverdig, seier venninna som ikkje får lovprist Camilla nok.

Ser på ho som familie

– Ho gir av seg sjølv og har stor omtanke for familien og vennane rundt seg. Ho tenker på andre og gir ei hjelpande hand, sjølv om det kan vere krevjande for henne, seier Evy.

Evy fortel at ho har kjent Camilla sidan ho kom til bygda for mange år sidan, og at dei vart fort kjent etter dette.

– Så no er ho å rekne som familie og ein person som eg set stor pris på. Ho er så positiv, blid og omgjengeleg, seier Evy.

– Ho hadde fortent den like mykje som meg

– No fekk eg frysningar, var den første reaksjonen då Fjordenes Tidende tok kontakt med Camilla for å fortelje at nokon ville gje henne ei julestjerne, og at venninna Evy meiner Camilla er ein person som står på for andre, og at ho har stor omtanke for alle rundt seg.

– Å, eg blir heilt rørt her. Det var veldig snilt, men eg kan seie akkurat det same om henne også! Ho hadde fortent denne blomsten akkurat like mykje som meg. Ho er der alltid for meg, seier Camilla.

Som så mange andre, er Camilla midt i hektiske og travle juleførebuingar.

– Men dette hjelpte veldig! For ei koseleg og hyggeleg overrasking, seier ho.