Då inviterer nemleg deltakarane ved vaksenopplæringa i Selje til internasjonal fest.

– Då skal vi servere internasjonal mat og introdusere oss sjølve til dei som bur her. Vi ønsker å invitere våre norske venner og naboar, og alle andre som ønsker å komme, seier Olena Butko, ein av deltakarane ved vaksenopplæringa i Selje til Fjordenes Tidende.

Olena Butko frå Ukraina er i dag busett på Flatraket. Ho håpar at mange vel å ta turen til festen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Basar og kulturelle innslag

Ideen til festen er det lærarane ved vaksenopplæringa som har kome med etter inspirasjon frå eit liknande arrangement på Nordfjordeid i vår.

– Tanken er at folk skal ta med mat og drikke frå sin eigen kultur. I tillegg blir det ein enkel basar der inntektene vil gå til Redd Barna - Barn i krig og konflikt, i tillegg vil det bli kulturelle innslag der mellom anna Line Dybedal skal synge, seier lærar Maria Vengen.

Lærar Maria Vengen ved vaksenopplæringa ønsker å vise fram mangfaldet i kommunen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Det handlar om å vise mangfaldet som er her, samtidig som at vi kan bli betre kjent med kvarandre, held ho fram.

Festen vil altså vere open for alle som vil. I dag er det flest ukrainarar som går på vaksenopplæringa i Selje, så for å kunne vise dette mangfaldet håper ho at fleire nasjonalitetar ønsker å ta turen.

– Vi har mange frå andre nasjonar som har gått på vaksenopplæringa tidlegare. Det er veldig stor variasjon i både kultur og bakgrunn blant folk som bur her så vi ønsker at folk frå heile kommunen tar turen, og veldig gjerne nordmenn også.

Språk er nøkkelen

Stad vaksenopplæring består av tre avdelingar der den største eininga er på LA-senteret på Nordfjordeid. I dag har skulen 80 deltakarar i alderen 16 til 61 år, der 25 av desse går på skule i Selje.

Vaksenopplæringa held til i andre etasje på kommunehuset i Selje. På storskjermen ser ein Fjordenes Tidende si nettside, fjt.no, som også blir brukt i undervisninga. Foto: Bjørn Erik Drabløs

– Det er eit veldig, veldig givande arbeid, seier Maria Vengen.

Snakke, lese, lytte og skrive, er stikkorda forklarar ho.

– I tillegg til å lære om samfunnet vårt er det å lære språk nøkkelen til å fritt kunne utfalde seg i eit samfunn. Så viss vi kan gi dei som går på skulen eit grunnlag innan dette så vil dei kunne stå fritt til å leve liva sine akkurat slik dei vil i her i Norge, seier ho.

Utanom Maria Vengen, jobbar Hekmat Alali, Anita Hunvik og rektor Vigdis Heimdal Reksnes på vaksenopplæringa i Selje. I tillegg jobbar Tonje Sperrevik der også, men ho var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Og at det har noko for seg er Olena Butko eit døme på.

– Eg kom frå Ukraina for eit år sidan. No bur eg på Flatraket, fortel ho.

– Du pratar jo allereie veldig bra norsk?

– Takk, men det går ikkje så fort å lære som eg vil, ler ho.

Det var god stemning blant lærarar og klassekameratar då Fjordenes Tidende tok turen. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Ho fortel vidare at ho set stor pris på tilbodet hos vaksenopplæringa.

– Det er veldig viktig for oss. Alle som er der ønsker å bli betre og betre i å prate norsk.

Som lærar Maria Vengen var inne på er språk fort nøkkelen for å kunne utfalde seg fritt i samfunnet. For det står sjeldan på kompetansen.

– Då eg budde i Ukraina var eg manager innan fleire ulike område. I den siste jobben eg hadde var eg manager i ein skjønnheitssalong, seier ho.

Men før ho igjen kan satse på ei leiarstilling i Norge, er det altså den internasjonale festen som står for tur.

– Vi er veldig spente før denne dagen, men vi gler oss også, avsluttar ho.