Trine Rein vart intervjua i vår Fort Sagt-spalte fredag 17. mars:

Namn: Trine ReinAlder: 46Adresse: ØstfoldSivilstatus: giftYrke: artist, songar og låtskrivarHobby: hunder, natur, slalåm, dykking og matlagingbkonserten The Well i Nordfjordhallen 25. mars

– Korleis vil du beskrive denne konserten?– Konserten er innhaldsrik og byr på ei reise gjennom både kjent og ny musikk. Den strekk seg over mange sjangrar, og har eit snev av humor. Med meg har eg sjølvaste Tony Carey, og eit Trondheimsbasert band som spelar så det ryk av dei.

– Mange forbind deg framleis med hiten «Just Missed the Train», står denne framleis på programmet, og kva anna vil publikum få høyre?– Ikkje ein Trine Rein-konsert utan «Just Missed the Train». Publikum vil få høyre både kjente og kjære låtar frå karriera mi, i tillegg til alle dei nye låtane frå det siste albumet mitt, The Well.

– Konserten er featuring Tony Carey. Kven er dette og korleis er samspelet dykk i mellom?– Samarbeidet med Tony Carey starta eigentleg med at eg kontakta Ronni le Tekerø i TNT. Eg ønska å lage eit album som eksperimenterte med ei blanding av mange sjangrar, og som gjekk utover etablerte format innan musikk. Ronni sa at vi måtte ha med oss Carey. Eg visste ikkje kven han var, men fann raskt ut at han har stått bak ein del av musikken som har inspirert meg gjennom mange år, blant anna frå si tid som keyboardist i Richie Blackmores Rainbow. I tillegg har han ei solid solokarriere bak seg med hits som «Fine Fine Day» og «Why Me».

– Har du eit høgdepunkt du vil trekke fram frå konserten?– Eg er veldig glad i å ta ein konsert heilt ned, og å lage akustiske versjonar av enkelte låtar. Samstundes gler eg meg også over stemninga når det koker både hos publikum og på scena. Tittellåten «The Well» er kanskje den eg er aller mest glad i frå det nye albumet, men eg håpar jo at eg greier å framføre ein konsert med meir enn eitt høgdepunkt.

– Har du vore i regionen tidlegare, og kva hugsar du best?– Eg har vore på Nordfjordeid for nokre år sidan. Eg har veldig gode minne derfrå. Publikum tok imot oss med storm. Eg er veldig spent på å få kome tilbake til Nordfjord igjen. Eg håpar å sjå mange i salen, og at eg får framført ein konsert eg er stolt av for dykk som bur der.