• Send oss dine bilde! 7. februar er Kom deg ut-dagen. Send oss gjerne dine turbilde til fjt@fjt.no eller bruk #fjtno på Instagram.

Namn: Silje Sneide Alder: 34 årAdresse: SeljeSivilstatus: giftYrke: helsefag- arbeidarHobby: følgje opp dei fire gutane mine og er glad i å gå på turar både på veg og fjellAktuell med: er ein av leiarane i Barnas Turlag Selje, som markerer Kom deg ut-dagen 7. februar.

– Kva er Kom deg ut-dagen?

– Korleis står det til med laget?

– I Selje har vi hatt bra frammøte og veldig kjekke turar i lag. Frå i år har Malin og eg fått med to turleiarar til, Rita og Trine. Så vi håper at vi skal få eit enda meir aktivt turlag framover.

– Kva gjer turlaget saman?

– Korleis har interessa vore?

– Den var vore jamt bra, det har vore mest små barn i alderen 0–7 år som har nytta turane våre, men vi håper at vi kan få med oss dei som er eldre og. Nisseturane våre er svært populære og det blir nok fast tradisjon framover.

– Korleis starta Barnas Turlag Selje opp?

– Malin og eg kontakta Ytre Nordfjord Turlag. Vi hadde eit ønskje om å få til ei grupper her i Selje for barna våre. Vi såg det at å gå på tur fleire i lag motiverer barna til å bli med ut på tur i naturen. Det å skape litt motvekt mot PC, TV og iPad som stel mykje tid. Det å lære barna frå ung alder at natur og aktivitet er gøy vil skape meir turglede i deira framtid. Ikkje minst er det sosialt og inkluderande for alle som er med.

Også Barnas Turlag Keipen og Ytre Nordfjord Turlag markerer Kom deg ut-dagen. Barnas Turlag Keipen skal ha skidag på Karlskaret 7. februar. Barnas Turlag Vågsøy tar turen til Dalsneset same dag. Der blir det quiz undervegs og moglegheit for grilling. Oppmøte er ved Rema 1000 i Deknepollen.