Tor Hjalte er meir enn dobbelt så gamal som resten av medlemmane i Svelgen-bandet utan namn.

Til vanleg har han tallause musikalske oppdrag som vokalist og musikar. Men samspelet med dei unge sambygdingane vert prioritert i romjula.

Han hadde fått med seg Jonas Valberg (24) på gitar, Jørgen Haugland (22) på bass, Benjamin Sagebø (21) på trommer og Eirik Ask (21) på keyboard, og saman laga dei nostalgisk magi frå scena. Jimi Hendrix, Beatles og Pink Floyd er blant favorittane.

Musikkstudentar

– Korleis var det å spele for heimepublikummet?

– Det er utruleg gøy! Supert at så mykje folk kjem og at dei likar musikken vi spelar, seier Jonas Valberg som til dagleg studerer musikk i Kristiansand saman med bandkollega Eirik Ask.

Også dei to andre studerer musikk, i Bergen og Stavanger.

Dei brukar nokre dagar i ferien på å øve i saman.

– Vi er svært takknemlege for å få låne musikkrommet på skulen til dette. Vi har også hatt nokre kjellarøvingar hos Benjamin på Villabakken, seier Jonas Valberg som i tillegg til å studere også har vore studiomusikar på tre plateutgjevingar siste året.

Autentisk musikk

Kvifor unge musikarar som han sjølv har denne interessa for gamal rock forklarar han med autentisitet.

– Det er noko ekte over denne musikken. Om du høyrer skikkeleg, og ikkje berre overflatisk, høyrer du kor bra det er. Det er ekte musikk på eit vis.

På spørsmål på kvifor Svelgen har fostra så mange unge musikalske talent, fordelar han æra på mellom andre kulturskulen og foreldra.

– Norvall Klungresæter var ein utruleg god musikklærar. I tillegg har mange av oss vakse opp med denne musikken gjennom å høyre på det foreldra våre høyrer på. Det er ein sjanger som har eit breitt publikum. Frå heilt unge til folk over 70 år, seier Jonas Valberg.

Han forsikrar heimepublikummet om at dei kjem heim og spelar meir musikk.

– Heilt sikkert! Det er så artig å spele heime. Kanskje i påska eller i sommar, og i alle fall neste jul. Dette er blitt ein tradisjon. Ingen tvil om det.