Tipsa er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin, Havsalt sommar, og er frå kommunane Kinn, Stad, Bremanger og Vanylven.

Kom tett på hjorten på Svanøy

På Svanøy ligg Norsk hjortesenter som har oppdrett og forsking på hjort. Senteret tilbyr omvising, der ein mellom anna kan bli med på fôring av hjort, seminar, og ein kan kjøpe produkt som hjortekjøt og -skinn. Ein kan også få omvising på resten av øya, inkludert Svanøy Hovedgård. Det går bilførande båt frå Florø.

Korleis klarer du deg i rampen?

Foto: Svanhild Breidalen

I Ervik finn du skatelåven. Ein låve med aktivitetar for heile familien. Inne i låven finn du mellom anna ein skaterampe, ein klatrevegg, hengekøyer, bordtennisbord og fleire aktivitetar som er artige både for store og små. I låven finn du også brett, hjelmar og anna sikkerheitsutstyr. Låven er open for alle, men der står skilt med informasjon om betaling. Det er Filadelfia Stadt som driftar skatelåven. Dei har søndagsmøte kvar søndag gjennom sommaren på Stad hotell.

Slå eit slag for vakker natur

Foto: Bjørn Erik Drabløs

Golfbana i Selje ligg i eit naturskjønt område rett ved sentrum, inntil campingplassen. Bana har heilårsdrift, og sjølv om bana ikkje er så lang, er den rekna som rimeleg utfordrande. Bana har par 60 og mange «vasshinder» i nærleiken av greenane. Her er også driving-range. Kvar veke køyrer klubben ei niholsturnering der alle er velkomne. Kvar torsdag er det torsdagsgolf på rangen. Då kan ein teste sporten og låne utstyr av klubben. Golfklubben tilbyr rimeleg dagsgreenfee, og har ein ikkje utstyr, kan ein leige av klubben. Då bør ein helst ta kontakt på førehand.

Opplev naturen frå hesteryggen

På Norsk Fjordhestsenter har ein moglegheit til å helse på fjordhesten. Det blir tilbod om turar og omvising kvar dag frå midten av juni til midten av august. Det blir tilbod om leideturar for ungar kvar dag og ein tilbyr rideturar til Utsikten, eit utkikspunkt som gir deg flott utsikt over Nordfjordeid.

Her kan du få mate hjort og lama

Foto: Andreas Hellenes

På hjortegarden på Nave på Bryggja bur det ca. 70 hjortar, 15 lamaar, geiter med kje, sauer med lam og hundar. Fleire av hjortane er og lamaane er drektige og det er venta mellom 30–35 hjortekalvar og 5–6 lamaføl i sommar. På garden kan ein få vere med på mating av dyra og Nordfjordhjort tilbyr også kanopadling, trøbåt, lassokasting, øksekasting og ATV-turar. På garden står også ei grillhytte med plass til 40–50 personar. Garden blir open kvar søndag frå siste helga i juni til første helga i august. Besøk må elles avtalast.

Her kan du kome tett på hjorten

Hjortegarden inst i Ålfoten bringar deg så nær naturen som det er mogleg å kome, og er driven av Sonja og Karl Vidar Førde. Dei driv som besøksgard, og på garden bur det rundt 30 hjortar, men etter kalvinga vil talet ligge rundt 45. Hjortegarden tilbyr også gardsaktivitetar, og kan legge til rette for opplegg for grupper. Besøk må avtalast på førehand. Bygda Ålfoten, der Hjortegarden ligg, er også ei ukjent perle som ligg nydeleg til, i ein avstikkar til Nordfjord, mellom høge fjell og med den kjende isbreen Ålfotbreen i bakgrunnen.

Byr på dyriske opplevingar

Foto: Siri Kolseth

Emu, alpakka, lama, ender, esel, hest, hund, kattungar og geitekillingar er berre nokre av dyra du kan møte på Hakallegarden. Aina og Olav driv den koselege garden som ligg på Hakallestranda. I tillegg til å helse på dyra kan ein bli med på mating og få seg ein ridetur. Regnar det, blir aktivitetane flytta innandørs. I tillegg har dei traktorkøyring og ein spennande dam med flåter. Det er også matservering i kafeen. Vil ein overnatte i nærleiken, har Hakallegarden overnatting på campen og i fjørehuset. Dei har også ei lita hytte på tunet. Hakallegarden opnar dørene når skulane tar ferie.

Finn edelsteinar på skattejakt

På Åheim kan du prøve lukka som skattejeger, og sjå om du klarer å finne dei vakre steinane som skjuler seg under grusen i Sundalen. Dette området har ein av verdas største førekomstar av mineralet olivin, som i likskap med frukta har ein karakteristisk grønfarge. Å grave etter edelstein er spennande, men krev litt tolmod. Har du lukka med deg, vil du finne ein stor og skikkeleg flott peridot. Edelsteinen peridot er ein smykkestein som allereie var kjent i antikken. Peridot frå Åheim er verdskjent for sin intense grønfarge og reinheit. Alle dei største mineralmusea i inn- og utland har peridot frå Åheim i sine samlingar.