Med tre millionar i rammegåve til Norges Ungdomslag sitt prosjekt «Huset i bygda» i Sogn og Fjordane så håpar stiftinga at det skal bli lys i dei kjende kulturhusa i så godt som alle grender i «gamlefylket».

Det betyr at til dømes Parken kulturhus på Raudeberg, Gamlebanken på Eid, Aldaheim i Olden, Breimshallen og Loen bygdehus kan søke om støtte til renovering.

Totalt er det meir enn 400 lagseigde kulturhus i Sogn og Fjordane.

Hindre forfall

Frå eigarstiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2019 gjekk inn i eit samarbeid om at «Huset i bygda» skulle organisere gåvetildelingane, har totalt 11,5 millionar kroner blitt tilført dette viktige renoveringsarbeidet i heile Sogn og Fjordane. For i omtrent kvar einaste bygd rundt i fjordafylket finst det slike lokale kulturhus, som har hatt status som anten bedehus, grendahus, samfunnshus eller ungdomshus.

– Det er ingen tvil om at mange av desse husa har stor trong for bygningsmessige endringar for å forhindre forfall. Dessutan er det mange av desse som ikkje har universell utforming, og i den samanheng har vi sett av deler av rammegåva på eit fond, kunne Ida Søderstrøm fortelje til eit femtitals deltakarar på samlinga og ba deltakarane bli merksame på søknadsordninga.

Få lys i husa

Som organisasjonskonsulent i Noregs Ungdomslag kunne ho gladeleg orientere om at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har gitt tre millionar kroner til dette arbeidet berre i 2024.

– No er det opp til eigarane av desse husa å komme seg i søkarposisjon. Dei fleste av desse husa har trong for å bli renoverte med tanke på det bygningsmessige. Det er viktig at husa vert brukte og då treng de gjerne oppdatere dei, sa Søderstrøm og fortalde også om alternative stiftingar/fond som det kan søkjast støtte hos.

– No handlar det berre om å få lys i husa igjen, og gjere dei om til dei samlingsplassane dei ein gong var, fortalde Søderstrøm.

Viktige møteplassar

For folk som har levd ei stund, så dukkar minner om konsertar med kjende grupper som til dømes New Jordal Swingers, Gluntan, Sven Ingvars, Starvalley Swingers, Stein Ingebrigtsen m.m. i fleire av dei større husa. Men desse kulturhusa gav også rom for all slags møteverksemd, syklubbar, ungdomsklubbar o.a. I det heile var desse kulturhusa sjølve limet i mange mindre bygdesamfunn.

I heile Norge finst til meir enn 5.000 slike hus, og stiftinga i Sparebanken Sogn og Fjordane håpar også at andre stiftingar blir gjort merksame på kultur-ressursen som ligg i kulturhusa.