Namn: Anne Grete Gilleshammer
Alder: 20 år
Bustad: Kjølsdalen/Volda
Sivilstand: Singel
Yrke: Student i Volda. Jobbar på rådhuset og på Walk In i sommar
– Kva planar har du for sommaren?
– Eg skal jobbe mykje, forhåpentlegvis reise litt, og ikkje minst feire 20-års dagen min på Malakoff.
– Kva er alltid med i kofferten?
– Eg har alltid med meg sminke. Mitt beste pakketips er å ta det som det kjem, og gjerne ta med seg litt for mykje.
– Når slår feriekjensla til for fullt?
– Når temperaturen stig over 20 grader, og eg kjenner lukta av nyklipt gras.
– Kva er ditt beste ferieminne?
– 18-års dagen min, då eg reiste til Litauen med bestevenninna mi, brødrene mine, kjærastane deira og ein gjeng av kompisane deira. Det var ei veke med festligheiter og avslapning.
– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?
– Då ville eg ha reist til Roma og betalt meg inn i katakombene. Eg ville ha shoppa mykje, og prøvd ut mange restaurantar.
– Kva kjendis ville du ha tatt med til ei aude øy?
– MacGyver. Trur han er ein av dei få som kunne fått meg tilbake til sivilisasjonen att.
– Kvar ville du tatt med feriegjestane dine?
– Til Via Ferrata i Loen.
– Blir du vêrsjuk om det regnar?
– På dagtid kan eg bli det, men på kvelden synest eg det er koseleg å sovne til lyden av regn.
– Kvar likar du best å bade?
– I Hoddevikja. Då kan eg kombinere surfing og bading.
– Kva gjer du i hagen i sommar?
– I hagen blir eg liggande å sole meg, og stjele jordbær frå åkeren etter kvart som dei modnar.
– Kva er ditt beste festivalminne?
– Malakoff 2012, då Den Svenska Björnstammen spelte. Eg sto saman med gode venninner og stemninga var på topp blant publikum.
– Kvar serverar du helst ein sommardag?
– Eg gjer det enkelt. Grillmat og potetsalat.
– Kva eldsjel fortenar ei korg med jordbær?
– Dianne Eikås. Ho har stått på innan 4H så lenge eg kan hugse, og har gitt barn og ungdom rundt om ein trygg plass og møtast og eit godt felleskap.