– Dagen i dag har kanskje vore ein av dei beste laurdagane i Malakoff-historia, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Denne helga blei den 13. Malakoff Rockfestivalen arrangert på Nordfjordeid og festivalsjefen meiner laurdagen varma langt inn i Malakoff-hjarterota, som han sjølv beskriv det.

Laurdag møtte kring 10.000 gjestar opp for å høyre på artistane, som gir eit publikumstal for årets Malakoff på kring 20.000. Talet er likt som i 2013, då arrangørane meinte dei hadde nådd taket, skriv Malakoff Rockfestival i ei pressemelding.

– Det er sjølvsagt vanskeleg å trekke fram nokon spesielle, men dersom ein skal plukke fram nokre høgdepunkt: The Dogs sparka dagen i gong med strålande opningskonsert og gåsehudfaktoren vart høg på Emilie Nicolas i Amfiet, meiner Naustdal som og meiner at Rival Sons leverte ein innertier på rockebarometeret.

– Dette bandet passar svært godt inn i Malakoff-profilen og publikum sette pris på eit skikkelig rockeband, fortel Naustdal som fekk tid til å sjå konserten.

For første gong har Malakoff Rockfestival innført kontantlaus festival. Festivalsjefen innrømmer at dei var spente på korleis publikum ville reagere på ein kontantlaus festival.

– Ein ser at det har gått utan nokon store problem, seier Naustdal som ikkje trur omsettinga har gått ned.