I desember i 2021 henta dykkarar opp ankeret til lasteskipet D/S Aladdin som forliste ved Silda orkannatta 13. januar 1925.

Laurdag under Sildadagane kunne arbeidsgruppa for prosjektet med å heve ankeret endeleg avduke det som no vert eit minnesmerke på Silda.

– Vi har hatt krigshistoria på Silda, men vi har ikkje konkretisert den maritime historia så godt. Men det fekk vi altså i dag ved å få opp ankeret og eit skilt med forteljinga om dette forliset, seier Gunnar Silden. Han er oppvaksen på Silda, men bur i dag i Stad kommune, kor han er ordførar.

Mange møtte opp for å sjå avdukinga av minnesmerket. Foto: Andreas Rundereim

Fekk den store æra

Den gongen då skipet forliste klarte bygdefolket å berge alle dei 27 personane om bord. Ein av dei som stod på for å redde mannskapet var Sigvald Sandviknes, og for anledninga hadde barnebarnet hans teke turen til Silda.

– Eg synest det er utruleg stor stas å vere her, fortel Ingunn Tvedt Færaas.

Sist gong Færaas var på Silda var i 1966. Foto: Seline Larsen

Som ei overrasking fekk ho æra av å avduke sjølve ankeret framfor dei mange frammøtte.

– Eg synest det var utruleg rørande. Eg kjenner at eg har sterkare band til Silda enn eg kanskje hadde trudd, fortel ho.

Slik ser ankeret ut. Foto: Seline Larsen

Imponert over arrangørane

Eigentleg bur ho i Haugesund, kor Sigvald flytta saman med familien sin tilbake i 1949.

– Det har vore ei heilt fantastisk oppleving å vere her, og så mange har helst på meg og sagt at dei kjende mor mi eller bestefaren min, seier Tvedt Færaas.

Ho synest det er flott at sildarane har sett i stand eit slikt arrangement.

– Det er så masse folk i sving. Det er heilt eineståande å sjå kva dei har fått til. Det er flott at unge folk tek tak i historia her og får fram dei gode forteljingane.

Lagra i ei elv

Arbeidet med å heise ankeret har gått føre seg over lang tid, og ein innsamlingsaksjon etter initiativ frå Stig Silden gjorde det heile mogleg.

Etter at det vart henta opp frå 46-meters djup i desember har det blitt oppbevart i ei elv i Evja i Deknepollen. Dette etter råd om å oppbevare det i rennande vatn for å halde det i best mogleg stand.

Ordførar i Stad, Gunnar Silden, avdukar tavla som høyrer til minnesmerket. Foto: Seline Larsen

Ved minnesmerket står det også ei tavle kor ein kan lese om historia bak ankeret. Denne er laga av Andreas Rundereim, som blant anna har skrive bok om historier frå Silda.