Elvisfestivalen vil vidareføre suksessen med The Young Ones. I år lar dei ungdomane sjølve planlegge og leie showet.
– Det er ikkje så mange arrangement for unge, så eit slikt show er viktig. Her får ungdomar, som kanskje berre har sunge på skulen eller for klassa si tidlegare, moglegheita til å ta steget opp på ei skikkeleg scene, og dei får synge for eit stort publikum, seier Håkon Kongshaug (nr. 2 f.v.), som organiserar og skal leie The Young Ones. Her er han saman med Andrea Refvik (f.v), Andrea Santiago, Måløy sin eigen Elvis, Isak Søraa, og Celine Mork under fjorårets show. Foto: Marianne S. Rotihaug