Det er i år 75 år sidan både angrepet på Pearl Harbor på Hawaii og Måløyraidet. Elvisfestivalen markerer dette ved å hente Johnny Fortuno frå Hawaii tilbake til Måløy komande helg.

– Den opphavlege planen var at Måløyraidsenteret skulle vere opna no slik at vi kunne bruke det i formidlinga av historia, men slik vart det ikkje. Eg trur likevel vi skal skape ei flott konsertoppleving med 75-årsmarkeringa som bakteppe, forklarar festivalgeneral Helge Hjelle, og legg til:

– Vi har henta Johnny Fortuno, som var vår toppartist i 2014, nettopp for å gjere konserten som Elvis gjorde i Pearl Harbor, der alle inntektene gjekk til bygginga av besøkssenteret Arizona Memorial, som er bygd over «Arizona», som framleis ligg på botnen i Pearl Harbor.

Gledeleg gjensyn

Fortuno skal framføre showet «Such A Night» i festivalteltet Graceland laurdagen under festivalen. I tillegg skal han gå på scena med nummeret «Johnny Fortuno Live in Måløy». Arrangørane fortel at dei har fått mange oppmodingar om å få Fortuno tilbake.

– Johnny har vore klar for eit nytt besøk i Måløy i to år. Kvart år har han sitt eige show i Las Vegas og han opptrer dagleg i Honolulu. Publikum har verkeleg noko å glede seg til, seier arrangørane med ei smil.Det blir fleire internasjonale artistar å sjå på scena denne kvelden. Ein av desse er den serbiske Zelimir, som også deltok på festivalen i fjor.

Zelimir skal entre scena både under fredagen og laurdagens show.

– Det blir verkeleg rock and roll når Zelimir går på scena. For dei som hugsar han frå fjorårets festival, så veit dei kva dei har å sjå fram til, fortel Hjelle, og legg til:

– Zelimir får æra av å avslutte årets festival i teltet med sitt show «Zelimir Rockin Elvis». Her blir det vanskeleg for publikum å sitte stille.

Etterlengta besøk

Ein artist som arrangørane lenge har prøvd å få tak i er Gordon Hendricks frå Storbritannia. Artisten skulle eigentleg delta på fjorårets festival, men måtte då avlyse.

– Å få Hendricks til Måløy er heilt rått. I fjor skulle han eigentleg kome, men han turte rett og slett ikkje. Dagen etterpå skulle han halde eit show i 02-arena i London, og han ville ikkje risikere å miste dette. Men no kjem han, og publikum kan sjå fram til at han skal halde hovudshowet i teltet fredag. Mannen ser ut som Elvis, han røyver seg som Elvis og han syng som Elvis, seier Hjelle. I tillegg skal Hendricks framføre showet «Elvisly Yours».

Lokale innslag

Sjølv om det er mange internasjonale namn på programmet til festivalteltet, har festivalen også funne plass til dei lokale artistane. Seljeværingen Hans Christian Helgesen skal entre scena saman med Garry Moore frå Honolulu, for å gjere showet «Frå Selje til Honolulu».

– Helgesen er ein svært dyktig songar, og er for mange kjent gjennom bandet Pink Robots. Moore er ein Little Richard tributeartist, så dette blir ei veldig spennande oppleving, understrekar arrangørane. Håkon Kongshaug og Chris Nedreberg Silden frå Vågsøy går på scena med «Håkon og Chris In Show».

– Dette er to svært dyktige lokale solistar, og vi gler oss verkeleg til å sjå kva desse to kan få til saman, fortel Hjelle, som er svært godt nøgd med årets program:

– Dette er det beste programmet vi har presentert nokon gong, understrekar festivalgeneralen.