Eidajentene Vilde Hjelle (13) og Anna Naustdal (12) kunne juble då dei gjekk heilt til topps med songen sin ”Vestlandet” i MGPjr i kveld.

– Heile Vestlandet sitt nok og grin no, sa programleiar Ingrid Gjessing Linhave då dei ferske MGPjr-vinnarane entra scena for å synge songen sin for tredje gong.

Dei to venninne hadde vanskar med å finne ord etter at dei blei ropt opp som vinnarar av konkurransen, og begge tok til gledestårer på veg opp for å ta i mot troféet sitt.

– Vi veit ikkje heilt kva vi skal føle no, men vi har aldri hatt det betre. Vi er kjempestolte og vil takke alle som har stemt, og ikkje minst alle som har reist til Oslo for å heie på oss, seier jentene til NRK etter sigeren.

Vilde og Anna gjekk først vidare til superfinalen saman med tre andre bidrag, før programleiarane annonserte at det var eidajentene som hadde vunne heile konkurransen.

– Det er heilt fantastisk. Vi har heile vegen sagt at det viktigaste var å få vere med, og at vi var stolte uansett resultat, men det er ekstra kjekt å vinne, smiler dei.

Songen ”Vestlandet” er det Vilde som har skrive, i baksetet på ein bil på veg over Strynefjellet.  Vinnarduoen møttast gjennom si felles interesse for skiskyting, og opptrådte saman for første gong på UKM i Eid.

Les meir om MGPjr-vinnarane i papirutgåva av Fjordenes Tidende tysdag 8. november.