Namn: Ellen Kine HelgesenAlder: 26 årBustad: Moldefjorden i SeljeSivilstand: singelYrke: jobbar på Hove aktivitetssenter
– Kva er dine planar for sommaren? – Eg skal på ein liten ferietur, og elles vere heime og kose meg med familie og vener.
– Eg skal vere mykje på hytta
– Kva er ditt favorittreisemål?– Spania og USA. Det er to kjekke land å reise til, samtidig som der er godt og varmt, noko som er perfekt for å nyte sommarferien.
– Kva er typisk sommar for deg?– Blå himmel og sol, jordbær med fløyte og ein tur til Granli i Holmedal.
– Kva type ferie likar du best? – Eg elskar å vere på tur i båt! Er også glad i å reise med fly.
– Kva er ditt beste sommarminne? – Alle turane vi hadde til Granli for å besøke mormor då eg var mindre. Vi reiste heile familien, og hadde det kjekt og slappa av i sommarferien.
– Kva legg du helst på grillen?– Hamburgar og pølse. Det er det absolutt beste. Ein må også hugse sprøsteikt løk!
– Kva gjer du ein solskinsdag? – Då er eg på stranda og kosar meg med is og bading.
– Kva gjer du om det regnar? – Då er eg inne og slappar av med ein god film.
Drøymer om å utvide Kvilehytta
– Kven beundrar du?– Mormora mi. Eit stort idol for meg, som inspirerte meg til å synge.
– Kven vil du gi ein bamseklem?– Mora mi. Ho er verdas beste mamma.
– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende? – Fred på jord.
– Kva les du i lokalavisa? – Det som står om folk eg kjenner og ting som skjer rundt om. Les også jobbutlysningar.
– Kva er det beste med heimstaden din? – Her føler eg at eg kan vere meg sjølv, og eg føler meg trygg på folka rundt meg.
– Kva vil du vise tilreisande? – Heile Selje kommune eigentleg, og spesielt klosteret på Selja.
– Kva er din største draum?– Å bli sangstjerne eller proff-dansar.