Namn: Grete Berntzen

Alder: 44

Adresse: Kalvåg

Sivilstatus: sambuar

Yrke: kultursjef i Bremanger kommune

Hobby: musikk og matlaging

Aktuell med: er med å arrangere UKM i Bremanger laurdag

– Korleis går førebuingane, er de i rute til laurdag?

– Det er vi absolutt. Vi har med ei kjempefin gruppe med sju ungdomar som er med å arrangere. Dei er blant anna scenearbeidarar, konferansierar og sit i sekretariatet. Dei er vi veldig glade for å ha med oss, og det viser at det er mykje engasjert ungdom i Bremanger. No er det jo også slik at ein kan bli sendt vidare som arrangør. Vi sende nokre vidare til fylkesfestivalen i fjor, og for dei var det veldig lærerikt å kome til Høyanger å hjelpe til. Dei blir ressurspersonar for oss i kommunen seinare.

– Kor mange har meldt seg på arrangementet?

– Så langt har vi åtte sceneinnslag og sju kunstinnslag, men vi håpar og trur at vi får nokre påmeldingar i siste liten.

– Kva skal desse ungdomane vise fram?

– Så langt har vi musikk, dans, band, kunst og litteratur på programmet.

– Korleis er dette talet samanlikna med tidlegare år?

– Det er litt færre påmelde i år. Men det treng ikkje å bety at det er ein trend. Det svingar litt opp og ned.

– Kva aldersgruppe er det som deltek på UKM i Bremanger?

– Vi er inne i eit generasjonsskifte. Vi har nokre som er for unge til å gå vidare, men som har veldig lyst og er klar. Dei kan delta på den lokale mønstringa, men ikkje gå vidare til fylkesfestivalen. Men vi prøver å oppmuntre dei til å vere med å trene.

– Er det andre ungdomar som er engasjert i festivalen?

– 8. klasse ved Hauge Oppvekst skal ha kiosk, så vi håpar dei får inn mykje pengar til skuleturen sin.

– Kvifor er UKM viktig?

– UKM er utruleg viktig. Det er noko av det viktigaste vi kan gjere i ein kommune. Det engasjerer ungdomane våre. Dei som er med som arrangørar opparbeider seg veldig mykje kunnskap, og dei som står på scena får ei unik oppleving. Og så er det spennande for oss som har jobba i kulturlivet å sjå kva som rører seg, også utanom det organiserte. UKM er ein arena der ungdomen blir sett. Vi håpar det kjem mykje folk som kan heime dei fram.