Gater i populærkultur

1. Kva norsk artist ga ut songen “My Street” i 2009?

2. Kva heiter filmen frå finansmiljø der Michael Douglas spelar hovudrolla som Gordon Gekko?

3. Kva band står bak songen “Where the Streets Have No Name”?

4. I kva film spreier karakteren Freddy Krueger skrekk?

5. Kva gate song Anna-Lena Löfgren om i ein listetopp frå 1967?

Svar: 1. Kurt Nilsen 2. Wall Street 3. U2. 4. A Nightmare on Elm Street 5. Lyckliga gatan

Kroppen

1. Kva er den medisinske nemninga for hovudskallen med underkjeve?

2. Kva heiter dei luftfylte holromma i enkelte ansiktsknoklar som har forbindelse til nasehola eller nasesvelgrommet?

3. Med eit namn på k, kva heiter proteinet som utgjer den viktigaste bestanddelen i neglar?

4. I kva kjertel blir hormonet insulin produsert?

5. Kva er trombose?

Svar: 1. Kranium 2. Biholer 3. Keratin 4. Bukspyttkjertelen 5. Blodpropp

Se og Hør

1. Kva tiår vart Se og Hør etablert?

2. Kven var bladet sin første redaktør?

3. Boka og filmen En helt vanlig dag på jobben skildrar Se og Hør si dekning av spesielt éin kjendis, som Ingar Helge Gimle spelar rolla som i filmen. Kva kjendis?

4. Kva konkurrent til Se og Hør vart lansert av Hjemmet Mortensen i 2001?

5. Kva heiter programleiaren som er dotter til han som var redaktør i Se og Hør til 2008?

Svar: 1. 1970-talet (1978) 2. Knut Haavik 3. Sven O. Høiby 4. Her og Nå 5. Live Nelvik (dotter til Odd Johan Nelvik)

Klubbkallenamn

1. Kva engelsk fotballklubb blir kalla The Red Devils?

2. Namnet på kva fugl blir brukt om Lillestrøm SK?

3. Kva italiensk klubb blir kalla Den gamle dame (La Vecchia Signora)?

4. Kva eliteserieklubb blir kalla Gutan?

5. Kva engelsk klubb, som no spelar på nivå to, har kallenamnet The Potters?

Svar: 1. Manchester United 2. Kanarifugl 3. Juventus 4. Tromsø IL 5. Stoke City

Stillehavet

1. Kva heiter Stillehavet på engelsk?

2. Øyene i det sentrale og sørlege Stillehavet blir delt inn i tre øygrupper. To av dei er Mikronesia og Melanesia. Kva er den tredje?

3. Kva heiter djuphavsgropa i Stillehavet som med sine vel 11 000 meter under havoverflata er jordas djupaste havgrop?

4. Kva øystat som vart sjølvstendig frå USA i 1986 har namn etter ein britisk sjøkaptein?

5. I kva øystat med namn på fire bokstavar heiter hovudstaden Suva?

Svar: 1. The Pacific/The Pacific Ocean 2. Polynesia 3. Marianergropa 4. Marshalløyene 5. Fiji

Trøndelag

1. Kva avis frå Trondheim er Noregs eldste dagsavis som framleis kjem ut?

2. Kven skreiv romanen Eremittkrepsene?

3. Kva matrett blir distriktet Innherred forbunde spesielt med?

4. Kva pølseglad trønder var landbruksminister, arbeids- og inkluderingsminister og helse- og omsorgsminister på starten av 2000-talet?

5. Kva lagmannsrett har sitt hovudsete i Trondheim?

Svar: 1. Adresseavisen 2. Anne B. Ragde 3. Sodd 4. Bjarne Håkon Hanssen 5. Frostating

1600-talet

1. Kva for eit land var Noreg i union med gjennom 1600-talet?

2. Kva heitte dronninga av England som døydde i 1603?

3. Kva målar, kanskje mest kjend for Pike med perleøredobb, vart fødd i Delft i Nederland i 1632?

4. Kva italiensk filosof, astronom og fysikar, som døydde i 1642,  er blant anna kjend for viktige bidrag om rørslelære?

5. Nemn eitt av åra trettiårskrigen vart utkjempa (heile krigen vart utkjempa på 1600-talet).

Svar: 1. Danmark 2. Elizabeth 3. Johannes Vermeer 4. Galileo Galilei 5. 1618-1648.

Kva ord manglar?

1. I tittelen på salmen «Det er … i de foldede hender».

2. I slagordet frå den franske revolusjonen: fridom, likskap og …

3. I filmtittelen til ein film frå 1982:  En offiser og en

4. I Carola sin vinnarsong i Eurovision Song Contest: «Fångat av en …»

5. I Knut Hamsun si siste bok: På … stier.

Svar: 1. makt 2. brorskap 3. gentleman 4. stormvind 5. gjengrodde

Bokstavar og tal

1. Kva NRK-radiokanal vart offisielt opna i 1984?

2. Kva blir gruppa av industriland som består av USA, Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, Italia og Canada kalla?

3. Kva heiter flymodellen som erstattar F16 i det norske luftforsvaret?

4. Kva organisasjon arbeider James Bond for?

5. Kva var namnet på musikkduoen som bestod av Marion Ravn og Marit Larsen?

Svar: 1. P2. 2. G7. 3. F-35. 4. MI6. 5. M2M

For dei minste

1. Kva heiter verdas høgaste fjell?

2. Kva heiter programmet på NRK der tidlegare idrettsutøvarar kjempar mot kvarandre? Programleiar for den nyaste sesongen er Aksel Lund Svindal.

3. Kva tittel hadde dei som styrte i Romarriket, slik som Cæsar og Augustus?

4. I kva fylke ligg Trondheim?

5. Kva kallar vi urfolket/urbefolkninga i Noreg?

Svar: 1. Mount Everest 2. Mesternes mester 3. Keisar 4. Trøndelag 5. Samar