Interessa var så stor for kyrkekonserten at arrangøren sette opp ein ekstra konsert. Det var trengsel og kyrkja verka full også på ekstraførestillinga, men billettansvarleg Liv Hilde Gotteberg opplyser at det var nokre plassar ledig på galleriet.

– Vi har selt 700 billettar til kyrkjekonserten samla, pluss minus.

Konserten vart ein suksess, og festivalsjef Helge Hjelle fekk mange positive kommentarar då publikum gjekk ut døra: «Det var kjempebra».

Det var stor spreiing i alder, frå born til gamle. Alle let seg fenge av dei gospelinspirerte Elvis-låtane som vart framført i programmet, kalla «We Can Make The Morning». I tillegg til mannen som blir rekna som verdas beste Elvis tribute-artist, Jay Dupuis, fekk vi også høyre eit anna  internasjonale namn - Eddy Popescu.

Andre på plakaten var Johnny Reel, Isak Søraa, Morgan Vøien, Line Tandberg, Kristian Lysebråten og Nadia Kvernevik. Isak Søraa hadde også med seg brørne sine, Sverre og Espen.

Elvisfestivalen i Måløy har i år det meir internasjonale namnet «The Norwegian Elvis Festival». Festivalen held fram fredag og laurdag, der festivalteltet «Graceland» på torget i Måløy er sentrum for konsertar på kveldstid.

Les vårt magasin for Elvisfestivalen her.