Med 17 sceneinnslag, elleve utstillingar og over 400 publikummarar jublar Veslemøy Ervik og ungdomsrådet i Vanylven for eit vellukka UKM-arrangement.

- Det er mykje som skal klaffe, men alt har gått på skinner, fortel ungdomskulturarbeidaren.

Saman med ungdomsrådet er ho arrangør av UKM, og deltakarlista har dei siste åra berre blitt lenger og lenger.

- Ungdommane har nok av tilbod, så det må jo berre bety at vi er veldig gode til å arrangere!, ler Ervik.

- Vi har stor respekt for arrangementet og legg ned mykje arbeid i det - vi prøvar alltid å få fram Grand Prix-stemning, slik som i dag.

Publikum fekk sjå både kor, solistar og band med eigne låtar, teater med Justin Bieber-parodi, linedance og folkedans frå Afghanistan.

Sjå alle bilda frå arrangementet øvst, og les meir i tysdagsavisa.