Kulturskolerektoren forventar ei flott mønstring og opplever at dei flinke deltakarane er godt nytt for kva Bremanger kommune kan få av kulturaktørar i framtida.

– Dei er veldig kreative. Det er så kjekt, smiler ho.

Laurdag blir UKM arrangert i Svelgen samfunnshus. Måndag som var, var det allereie nesten 40 påmelde.

– Nytt i år er at vi har fått ein konferansier og ei arrangørgruppe som er påmelde. Dei er utruleg flinke, rosar Berntzen, og fortel at fleire av deltakarane er påmeldt i fleire ulike kategoriar.

I fjor fekk UKM i Bremanger stimuleringsmidlar til å starte UKM DEMO. Dermed kan deltakarane med musikkinnslag i år få spele inn låten si i studio hos Aksel Hauge Vedvik.

– Det er ein fin læringsprosess. Aksel er så dyktig og det er fantastisk at han har lyst å bidra med dette, fortel ho nøgd.

I år vil også URG-kontakten Ive Van Oorschot vere til stade under mønstringa.

– Ho har vore ein ressurs for arrangørgruppa og vil vere med på mønstringa og gjere morosame ting.

Og det er ikkje det einaste som står på programmet. Berntzen avslørar at det vil kome ei overrasking i løpet av mønstringa.

– Vi har ei overrasking på lur til alle deltakarane. Dei skal få vere med på noko heilt nytt, men eg kan ikkje røpe kva det er, seier ho hemmelegheitsfullt.