Torsdag blei siste del av arbeidet sluttført av Triangel Security då radiolinken mellom kommunehuset og Risnakken blei sett i drift.

Prosjektet er eit samarbeid mellom initiativtakar Fjordenes Tidende og fleire andre lokale aktørar, slik som Stad kommune, Triangel Security, Nordfjordnett, Selje Hotell Invest, Trivsel Selje og Selje idrettslag.

Sånn såg det ut i Selje på første driftsdag. Foto: Skjermdump

Sjekk også ut våre andre webkamera som viser Måløy hamn, vinden på Måløybrua, Kråkenes fyr, Vestkapp, Nave Hjortefarm og Nordfjordeid hamn.

Kameraet er topp moderne med vindaugsviskarar. Foto: Dan Arve Barmen
Torsdag blei siste rest av arbeidet fullført på veggen på kommunehuset. Foto: Dan Arve Barmen

På fjt.no kan ein allereie i dag sjå direktebilde frå sju ulike lokasjonar i vårt dekningsområde.

På sikt er planen at kameraet skal følge bygginga av det nye Seljsanden hotell ved å zoome inn og fange stillbilde av heile byggeprosessen.

Frå Risnakken ser ein ned til kommunehuset i Selje der ein sender signala. Foto: Dan Arve Barmen
Fleire aktørar er med på prosjektet, mellom anna Nordfjordnett. Foto: Dan Arve Barmen