Eit kamera som vil vere til glede og til nytte for både bygdefolk, nysgjerrige frå heile verda og verksemder som vil kunne dra nytte av kameraet.

Prosjektet er eit samarbeid mellom initiativtakar Fjordenes Tidende og fleire andre lokale aktørar, slik som Stad kommune, Triangel Security, Nordfjordnett, Selje Hotell Invest, Trivsel Selje og Selje idrettslag.

– Det er veldig kjekt å sjå kva ein kan få til når ein samarbeider. Fjordenes Tidende har koordinert dette prosjektet, og alle som har blitt invitert inn i samarbeidet har vore positive og gjort ein god jobb, seier Håvar Fagerli, redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende.

Utsikta frå Risnakken er ein av dei mest fotograferte blant dei som går på turar rundt om i Selje. No vil ein snart kunne sjå denne direkte. Foto: Håvar Fagerli

Vil halde kontroll på båttrafikken

Når kameraet er på plass vil det vise utsikta frå det populære turmålet i Selje ved å panorere frå side til side. Kameraet kan også zoome inn, noko som vil vere nyttig for mellom anna Stad kommune som er ein av samarbeidspartane i prosjektet.

– Vi er med fordi dette kameraet gir eit godt utsyn over skipstrafikken i området. Frå før av har vi kamera i Borgundvåg og i Lestovika. No når vi får eit kamera i Selje får vi eit godt utsyn over skipstrafikken til og frå Selje og over skip som ankrar opp mellom Selje og Selja, seier Stad-ordførar, Gunnar Silden.

For Gunnar Silden (t.v.) og Stad kommune betyr kameraet meir enn berre å vise fram utsikta. Kommunen vil nemleg bruke kameraet til å få oversikt over båttrafikken i området. Foto: Håvar Fagerli

I tillegg til dette, blir det lagt vekt på at kameraet vil kunne lette arbeidet med å krevje inn hamnebidrag frå båtar i Seljevågen då ein heile tida har oversikt over kor mange båtar som ligg der.

Blir kamera nummer åtte

fjt.no kan ein allereie i dag sjå direktebilde frå sju ulike lokasjonar i vårt dekningsområde. Alle i eit samarbeid med Triangel Security.

Det er denne typen kamera som vil bli plassert på Risnakken. Her ser ein det som står montert på Kråkenes i Kinn kommune. Foto: Tor Magne Gangsøy

– Frå før har Fjordenes Tidende allereie eit godt samarbeid med Finn Humborstad i Triangel Security og Dan Arve Barmen i Nordfjordnett om fleire webkamera. Både Finn og Dan Arve har vore viktige i planlegginga og gjennomføringa av også dette prosjektet, seier Fagerli.

Finn Humborstad og Triangel Security har i mange å samarbeida med Fjordenes Tidende. Til saman vil det vere åtte kamera som sender direkte frå vårt dekningsområde når kameraet på Risnakken er på plass. Foto: Erling Wåge

I tillegg har Selje idrettslag og Trivsel Selje fått ei viktig rolle når det gjeld å halde skogen og området rundt kameraet ryddig, i tillegg til at det er dei som skal halde tilsyn med kameraet.

– Vi er med fordi det vil vise Selje får eit av dei finaste utsiktspostane vi har, seier Kjell Magnar Flølo i Selje idrettslag.

– Kameraet vil vise kva ein ser frå Risnakken, som er ein av mange turstiar som Selje idrettslag har opparbeidd på dugnad. Derfor vil det ha mykje å seie for at enda fleire vil ta turen til Risnakken, seier Flølo og får støtte av Fagerli.

Utsiktspunktet på Risnakken kan ein nå på fleire måtar. Ein av desse er ved å gå denne trappa og stien frå Selje sentrum. Men snart kan også dei som ikkje orkar eller klarer å gå få sjå utsikta på fjt.no. Foto: Marianne S. Rotihaug

– Risnakken er eit fantastisk fint utkikspunkt, men det er ikkje den enklaste plassen for å få sett opp eit webkamera. For å få det til, er det samarbeid som er nøkkelen, seier Fagerli.

Samarbeid er nøkkelen, seier Håvar Fagerli. Det er på dette platået det nye kameraet vil bli montert. Foto: Håvar Fagerli

Skal lage timelapse av hotellbygginga

Ein annan viktig aktør som er med på samarbeidet er Selje Hotell Invest. Årsaka til at dei er med på spleiselaget er nemleg at kameraet vil kunne bety mykje for det komande hotellet, både under byggeperioden og når det om nokre år står klart.

– Dette er eit godt eksempel på eit prosjekt som gagnar mange partar og der det dermed er fornuftig å kombinere ressursar. Vi vil gjerne vere med på å vise og dele eit av dei finaste utsiktspunkta i Selje til eit breiare publikum. Vi vil sjølvsagt også gjerne vise fram den fantastiske Seljesanden og hotellet som etter kvart skal kome på plass like ved og invitere fleire besøkande til Selje, seier styreleiar i Selje hotell invest, Liv Koller-Borg.

Styreleiar i Selje hotell invest, Liv Koller-Borg, og resten av investorgruppa ser fram til å få kameraet på plass. Foto: Louise Nygaard

Men det er ikkje berre når hotellet står klart at kameraet vil kome til nytte for investorane. Planen er nemleg at kameraet også skal ta daglege bilde av byggeprosessen slik at ein til slutt får ein såkalla timelapse, eller ein film der ein ser bygget ta form.

– Deretter kan kameraet hjelpe oss med etablering av Selje som destinasjon, med bilde frå ulike årstider og situasjonar som viser mangfaldet i naturopplevingane ein kan ha i området, seier ho.

Vêr og vind er noko som opptar dei fleste, også i Selje. For dei badeglade ligg det derfor også ein plan om å integrere vasstemperaturar og vêrprognosar i bildet når kameraet går live.

– Kameraet skal vere lett tilgjengeleg på heimesida til hotellet og elles i andre digitale kanalar, slik at ein kan lett oppdatere seg om vêr og forhold i Selje, held ho fram.

Snart får ein denne utsikta direkte på våre heimesider. Det nye Seljesanten hotell vil også ha lenka direkte på sine heimesider. Foto: Bjørn Erik Drabløs

Oppstart i haust

Ifølge Håvar Fagerli, vil dei første bilda frå Selje vere tilgjengelege på fjt.no allereie i haust.

– No ventar vi berre på å få levert noko av det tekniske materiellet før kamera er oppe og går. Vi gler oss til å sende direkte frå Risnakken i Selje, avsluttar han.