- Det er utruleg kjekt at folk set pris på tilbodet, seier Hildegunn Silden i sommarskulen.
Dette er andre og siste veka med sommarskule, og Silden fortel at både dei vaksne og ungane har storkosa seg.
- Vi har hatt innhaldsrike veker med alt frå grilling og matlaging til sykkelprøve og leikar innandørs, fortel ho.
I morgon går turen til Silda, og fredag har dei invitert til familiedag i Nordfjordhallen.
Du kan lese meir om sommarskulen i fredagsavisa.