Om ein finn pengar til det, kan Selja få lagd ein animasjon som gir ei oppleving av korleis det såg ut på øya i mellomalderen.

– Dette kan gjere det meir attraktivt for turistar å kome, seier prosjektleiar Bjørn Jensen ved anlegget.

Under seminaret til Riksantikvaren nyleg drøfta han saka med middelalderarkeolog Símun Arge frå dei færøyske antikvaris ke styresmakter, og dei kom fram til at dei saman skal sjå på ei slik formidling.

For Færøyane er det tale om å ha med Magnuskatedralen, medan det her i landet kan vere aktuelt med Selja, i tillegg til Slottsfjellet i Tønsberg.

– Vi skal sjekke om det kan vere midlar å hente for å utvikle dette, seier Bjørn Jensen.

Han trur at formidling gjennom animasjon på nettet kan få stor betyding for den nye kloster- og pilegrimssenteret i Selje, og ventar at dette må vere interessant for dei.

For nokre år sidan vart det gjennomført eit laserscanningsprosjekt på Selja, og anlegget er scanna i 3D. Dette vil ein kunne bruke til å lage ein animasjon. Símun Arge seier at ein tenker på å ta opp igjen eit samarbeid om formidling, der ein kan gå saman om dei tekniske løysingane.