Bjørgulf Myklebust i Serfix/LKM Eigedom melder lokalavisa Bremanger Budstikke til Pressens Faglege Utval, organet som skal passe på at etiske reglar vert følgd i pressa.

Bakgrunnen er eit førstesideoppslag i avisa med tittelen "Ulovleg fjerning av gras i parken", der Bremanger Budstikke i ein artikkel utan byline set fram påstandar om at Myklebust sitt selskap fredag 13. november starta ulovleg graving i parkområdet i Svelgen.

Det er Firdaposten som melder saka onsdag.

Vidare kjem det i Bustikka fram påstandar om at gravinga med vilje var starta så seint ein fredags kveld for at ingen skulle rekke å stoppe aktiviteten. Budstikka viser til anonyme kjelder som påstår at Bjørgulf Myklebust leigde inn gravemaskina for å realisere planen om å få fjerna delar av graset permanent i parkområdet.

I ettertid viser det seg at det arbeidet som blei utført av Maskinen3prenør1 var på oppdrag av Elkem Bremanger, ikkje Serfix. Dette vert også bekrefta av Elkem-sjef Arne Werge-Olsen.

Både Tor Olav Halse i Maskinen3prenør1 og Bjørgulf Myklebust er opprørte over korleis Bremanger Budstikke går fram i denne saka.

-  Alt saman er basert på ei misforståing. Vi har ikkje bestilt noko gravearbeid i samband med dei planane om utbygging som vi saman med Elkem har lufta for kommunen. Svaret frå Bremanger kommune her var greitt, det må reguleringsendringar til før planane kan realiserast, understrekar Myklebust overfor Firdaposten.

Han seier til avisa at han er overraska over at ingen i Bremanger Budstikke har tatt kontakt med han, så han kunne få imøtegå dei alvorlege skuldingane fra avisa sine anonyme kjelder.

Myklebust viser til at han som ein "litt frampå"-person får kraftige tilbakemeldingar av og til. Men påstandar som dei i Budstikka blir umogleg å forhalde seg til når han faktisk ikkje får uttale seg, seier han til Firdaposten.